Fekk nei til ny hamn

Av

Planane om ny og sikker båthamn på Eikemo kan vera skoten ut i det blå.

TATT AV STORMANE: Geir Arne Eikemo har mista tre båtar under ulike stormar i Åkrafjorden sidan 1996. 
Arkivfoto: Alf-Robert Sommerbakk

TATT AV STORMANE: Geir Arne Eikemo har mista tre båtar under ulike stormar i Åkrafjorden sidan 1996. Arkivfoto: Alf-Robert Sommerbakk

DEL

ETNE: Geir Arne Eikemo og Nils Kjetil Eikemo, to av dei tre gardbrukarane som bur fast i Eikemo-grenda ved Åkrafjorden, har mista fem bruksbåtar i stormane sidan 1996.

I eit brev Etne kommune fekk like før helga, er Fylkesmannen i Hordaland kritisk til at Etne kommune og grunneigarane skal få flytta den planlagde båthamna litt lenger aust ved Tøsse enn den gjeldande reguleringsplanen viser.

Dermed kan planane om ny og sikker båthamn vera skoten ytterlegare ut i det blå.

– Alle båtane er sokke under austavindsstormar. Difor vil me ha den nye båthamna litt lenger aust, inn i ei vik ved elveutlaupet. Grunneigaren der, den kjende bergenspolitikaren Oddny Miljeteig, har sagt ja til å avstå grunn mot at ho får ein båtplass i den nye hamna, fortel Nils Kjetil Eikemo.

Skuffa

– Me skjønnar behovet for ny båthamn, men stiller oss kritiske til ny plassering, heiter det i Fylkesmannen sitt svar til Etne kommune sin førespurnad om å få flytta båthamna utan full utgreiing av alle konsekvensar – noko som vil ta lang tid.

Etneordførar Siri Klokkerstuen (Ap) er skuffa over svaret.

– Dersom me blir pålagt å laga ny plan, med konsekvensutgreiing av alt frå strandsoneverdiar og naturmangfald til vassdrag i nærleiken, går det lang tid. Dei fastbuande, og hyttefolket på den sida av Åkrafjorden, har venta lenge. Nye tider med aukande flaumar og ekstremvêr gjer ei ny, trygg båthamn heilt nødvendig, seier Klokkerstuen.

Hadde ein plan

Det var godkjent ein plan for båthamn ved Tøsse for Eikemofolket i 2015. Den var lagt på utsida (vestsida) av noverande kai. Men den blei forkasta fordi dei fastbuande meinte den ikkje heldt mål mot ver og vind.

Så er det laga ein ny skisse med ein plassering av båtham med plass til inntil 20 båtar lenger aust – nærare elva. 23. november møttest Etne kommune og dei fastbuande. Dei er samde om den nye plasseringa, men det er uklart om dei er einige om korleis organisering og drift skal skje. Kommunen ønskjer at dette skjer gjennom eit båtlag.

– Som kommune har me først og fremst eit ansvar for dei som bur der fast. Gjennom eit båtlag trur me det kan vera praktisk å tilby også hytteeigarar ei god båtløysing. Brevet frå Fylkesmannen viser skepsis til plasseringa av den nye båthamna, men eg oppfattar det ikkje som eit endeleg avslag. Vårt håp var at me kunne få ein dispensasjon til å flytta båthamna dit alle involverte ønskjer det. Men nå ser det ut til at me må gå nokre fleire rundar med Fylkesmannen, også, seier Klokkerstuen.

Nye planar

Skissa som Fylkesmannen førebels seier nei til, viser ei båthamn aust ved elveosen med molo på 30 x 30 meter og plass til 20 småbåtar.

Dei tre bøndene på Eikemo treng båtskyss til kraftfor og årleg sender dei ifrå seg ca. 70.000 liter geitemjølk.

Artikkeltags