Nye kontraktar til Eide Marine Services

– Kan gje opptil 6,3 milliardar kroner i inntekter over ein 10-årsperiode.

– Kontraktane kan gje opptil 6,3 milliardar kroner i inntekter over ein 10-årsperiode, heiter det i pressemeldinga.

– Kontraktane kan gje opptil 6,3 milliardar kroner i inntekter over ein 10-årsperiode, heiter det i pressemeldinga.

DEL

KVINNHERAD: Eide Marine Services AS pressemelder i dag at dei har sikra seg to kontrakter som kan gje opptil 6,3 milliardar kroner i inntekter over ein 10-årsperiode.

Kontraktane er tildelt frå det brasilianske selskapet Lupatech, som igjen har fått tildelt kontraktane frå Petrobas. Dei er faste i fem år, med opsjon på fem nye år, og er dei største einskildkontraktane i verksemda si historie.

Dei to fartøya som skal leverast og driftast, er av typen Light Workover Intervention, og er utvikla av Eide Marine Services AS. Fartøya er designa for vedlikehald av olje- og gassbrønnar.

Skroga til fartøya skal etter planen byggast i Austen, medan utrustinga vil bli gjennomført i Noreg. Dette vil, ifylgje verksemda sjølv, kunne gje betydelege leveransar frå norske utstyrsleverandørar.

– Me veit ikkje heilt omfanget av det enno, men dette kan slå betydeleg ut på sysselsetjinga her lokalt. Men det kjem også litt an på korleis kommunen vil tilrettelegga med tanke på infrastrukturen her på Halsnøy, seier Georg Eide til innsida.no.

Han kan fortelja at dei allereie er i full gang med arbeidet. Fartøya skal vera leveringsklare om to år.

Korleis påverkar desse kontraktane verksemda sine framtidsplanar?

Det er veldig kjekt å få desse kontraktane på plas. Med utgangspunkt i fem år, og opsjon på fem år til, gjev det ein lang horistont.

Artikkeltags