ted: Haugesund Tekst: Erlend Tellnes (t.v.) og Christian Tellnes frå Natur og Ungdom i Haugesund delte ut "avskiltingsvarsel" til 325 billistar i Haugesund.

325 fekk varsel om avskilting

HAUGESUND: 350.000 bilar må avskiltast, mellom anna din, var bodskapen Natur og Ungdom formidla på vegner av «Det Norske Klimadirektoratet».

Annonse
Annonse

Aksjonen i går var landsdekkande mot bygging av gasskraftverk på Kårstø. Løpesetelen som vart lagt på frontruta, var i utsjåande svært lik eit formelt brev frå departementet.
Her stod det mellom anna at: «Regjeringen har besluttet at 350.000 biler, blant annet din bil, skal avskiltes for å kompensere for utslippene fra det planlagte gasskraftverket på Kårstø. Klager kan rettes til Miljøverndepartementet».

Positive reaksjonar

– Eg trur folk skjønar at brevet er ein spøk, men at saka ikkje er det. Me håpar jo at gasskraftverket ikkje vert bygd, eventuelt at det vert bygd med CO2-deponering, seier Christian Tellnes i Natur og Ungdom.
Målet med gårsdagens aksjon var å få folk til å tenkje på miljøet når dei går til valurnene i september. Sjølv snakka ikkje brørne Christian og Erlend Tellnes med så mange bilistar i går, men reaksjonane dei fekk var stort sett positive.
– Dette er heilt greitt og eit godt arbeid. Regjeringa har jo gått mot gasskraftverk tidlegare, no er dei for. Eg håpar det vert skifte til hausten, seier Rita Lamo som var ein av bilistane som fekk «brev» i går.

Lovar fleire aksjonar

Og hadde ikkje Natur og Ungdom feilrekna på kor mange bilar som er i Haugesund sentrum ein ettermiddag, vill enda fleire ha fått. På vel ein time var alle dei 325 løpesetlane delte ut.
– Me starta ved Posthuset og har vore i området med Markedet. Me burde heilt klart hatt fleire løpesetlar, men eg trudde ikkje det var bruk for så mange. Det var overraskande mange bilar i sentrum, konstaterer Christian Tellnes som lovar fleire aksjonar mot gasskraftverk framover.
joar.grindheim@haugesunds-avis.no
MOT GASSKRAFTVERK: Aksjonen i går hadde vore planlagt i ei veke, men først onsdag kveld bestemte Natur og Ungdom i Haugesund seg for å delta. Brørne Erlend (t.v.) og Christian Tellnes ser til at nok ein bilist får varsel om avskilting.
Foto: Joar Grindheim

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.