Første styret i Haugaland avløysarlag. Bak frå venstre: Trygve Høynes, Karmøy, Gudveig Håland, dagleg leiar, Ruedi Huber, Karmøy, styreleiar, Jarle Ferkingstad, Tysvær. Framme frå høyre: Marianne Lindanger, Kristin Ove Skare, Vindafjord og Merita Øvrebø, Tysvær.
750 bønder i nytt lag
750 bønder i Karmøy, Haugesund, Tysvær, Bokn og Vindafjord er gått saman i Haugaland avløysarlag.
Landbruk: Sveio var med på forhandlingane heile vegen, men trekte seg til slutt. Etnebøndene ville ikkje.
Men for resten av bøndene på Haugalandet er eit stort, samla avløysarlag ein realitet.
Torsdag kveld valde dei styre. Og det blir den økologiske mjølkebonden Ruedi Huber frå Norheim som skal vera styreleiar.
Færre bønder
I Karmøy er talet på bønder halvert dei siste ti åra. No er me berre knappe 200 att. Då er det best å organisera oss i større, effektive einingar, meiner Huber.
Hovudkontoret blir på Landbrukets Hus i Ølen, med utekontor i Karmøy og Tysvær.
I tillegg til to landbruksvikarar i kommunane Tysvær og Vindafjord, har avløysarlaget tilsett landbruksvikarar i to og ein halv stilling som skal tre inn ved sjukdom.
Me vil auka talet på slike vikarar ytterlegare. Behovet for å ha nokon som kan steppa inn ved sjukdom er stort, seier Huber.
Fritid for bonden
Han har inntrykk av at dei fleste bøndene i dag har fri kvar tredje helg.
Men bonden og familien vil også gjerne ha ferie. Om ikkje på sommaren, så på hausten eller tidleg på våren. Då er avløysaren god å ha.
Staten gjev tilskot til avløysing til kvart gardsbruk, pluss at den kommunale landbruksvikarordninga dette året blir erstatta med statlege midlar til avløysarlaga som dekkjer om lag halvparten av kostnadene.
Manglar avløysarar
Serleg dei to siste åra har bøndene hatt stadig større vanskar med å skaffa folk som vil avløysa i helger og feriar.
Me lønner etter tariff og gir 40 prosent helgetillegg.
Er det ingen som jobbar fulltid som avløysarar?
Jo, dei finst, men dei er ikkje så mange.
Kva med avløysarar frå utlandet?
Eg kjenner til at fleire bønder har tilsett utlendingar. Det er kvar enkelt bonde som opptrer som arbeidsgjevar og teiknar avtale. Huber vil marknadsføra avløysarjobbane betre, mellom anna på vidaregåande skular. Han trur langt fleire unge i framtida vil sjå helge- og ferieavløysing som ein fin måte å tjena pengar på.