Haugesunds AvisNyheter
Samferdsledepartementet maktar ikkje å få på plass eit regelverk – difor blir det sannsynlegvis ikkje strikkhopping frå Trolljuv bru i Åkrafjorden denne sommaren, heller. Strikkhoppfirmaet er no i gang med å sjå seg om etter andre hoppstader.
ETNE: – Tida er i ferd med å renna ut. Det er alt no for seint å få med strikkhopp i reiselivsbrosjyrene for Åkrafjorden. Dermed har me mista to sommarsesongar, seier den kjende strikkhoppromotoren Petter Kvalsvik til Haugesunds Avis.
LES OGSÅ: STANSAR MILLIONBUTIKK
Ordførar Sørheim er også frustrert fordi han ikkje ein gong får svar når han spør sin partifelle i Samferdsledepartementet (statssekretær Geir Pollestad).
– Fleire gonger har me fått beskjed om at godkjenning er like om hjørnet. Eg har freista få Pollestad i tale i fleire dagar, men han ringer ikkje tilbake. Eg er skuffa over så respektlaus behandling, seier den vanlegvis sindige etneordføraren.
Haugesunds Avis fekk, gjennom informasjonsseksjonen, følgjande beskjed frå statssekretær Pollestad fredag:
"Departementet arbeider med å utforme retningslinjer for strikkhopp frå broer på veinettet. Dette arbeidet har reist enkelte problemstillinger som det har tatt noe lengre tid enn forventet å utrede. Dette gjelder særlig forhold knyttet til trafikksikkerhet og ansvarsforhold dersom staten åpner for strikkhopp frå veinettet. Departementet er opptatt av å finne en løsning som ivaretar disse hensynene på en god måte".
LES OGSÅ: HOPPER UTI DET, NESTE ÅR
Strikkhoppar Kvalsvik meiner utsegna er tilnærma meiningslaus – og det same meiner Etneordføraren.
– Her finst omtrent ikkje trafikk ved Trolljuv bru. Og sjølvsagt må Kvalsvik innretta seg etter dei sikkerheitsreglar som gjeld ved andre strikkhoppanlegg, seier Sigve Sørheim.
Kvalsvik trur det er byråkratiet i Samferdsledepartementet som tek innersvingen på den politiske leiinga.
Fylkesleiar Steinulf Tungesvik i Hordaland Sp seier han er overraska over at ikkje regelverket er komen på plass.
– Det var umuleg til i fjor sommar. Men eg var jo sikker på at det skulle ordna seg til sommaren 2009, seier han. Tungesvik vil ta opp saka med politisk leiing i departementet på måndag.
Seinast på Sp-landsmøtet fekk lokale delegatar eit klart inntrykk av at strikkhopp frå Trolljuv skulle la seg ordna til sommaren.
Det var snakk om eit pilotprosjekt til endeleg regelverk var på plass.
No renn timeglaset ut for dette turisttilbodet i Åkrafjorden. Petter Kvalsvik har starta leiting etter alternative hoppstader i Sør-Norge.
Publisert lørdag 25. april 2009 kl. 00:00.
Sist oppdatert lørdag 25. april 2009 kl. 00:00.
Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.
Innsida.no
Lokalavisa i Sunnhordland.
Ut24
Planlegg fritiden din.
Reisemeldinger
Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.
TV-Guiden
Dette bør du få med deg.
Siste ukes annonser
Her kan du søke opp siste ukens papirannonser
Dagens leder
Les dagens leder fra Haugesunds Avis.