Feiret ny båt: Stolte båteigarar. Frå venstre: dagleg leiar Liv-Kari Bødtker, styreleiar i Åkrafjorden landskapspark, Nina Kaltwasser og styreleiar i Åkrafjorden oppleving, John Karstein Hustveit med dottera Sofie.
Åkrafjorden på eigen kjøl
Det blei fest i fjorden fredag ettermiddag då ”Stein Viking”, Åkrafjordens eigen passasjerbåt, kom heim.
Feiret ny båt i Åkrafjorden : Stolte båteigarar. Frå venstre: dagleg leiar Liv-Kari Bødtker, styreleiar i Åkrafjorden landskapspark, Nina Kaltwasser og styreleiar i Åkrafjorden oppleving, John Karstein Hustveit med dottera Sofie.
Etne: Det er dei 23 aksjonærane i Åkrafjorden Oppleving som har kjøpt båten frå Tvedestrand. Og det var dei to lokale navigatørane, Gisle Eintveit og Robert Stråbø Melkeråen, som frakta passasjerbåten heim.
Fredag ettermdidag gjekk båten visningstur frå Kyrping til Åkra i Kvinnherad og så over til Teigland ved Åkrafjordtunet. Der hadde mange møtt opp med flagg, sauebjeller og torader. På alle kaiane blei det servert kake og alkoholfri champagne.
No har me vår eigen båt og kan skreddarsy turar på fjorden, seier dagleg leiar i Åkrafjorden Oppleving, Liv-Kari Bødtker
Båten har plass til 52 passsasjerar
LES MER I MANDAGSAVISEN