Ap vil ha kort tunnel

Etne Arbeidarparti vil ha kortast mogeleg tunnel mellom Skånevik og Etne.

Annonse
Annonse

Etne: Ni kommentarar til planprogrammet for ein tunnel mellom Skånevik og Etne var komme inn då uttalefristen gjekk ut, 2. januar.

Etne Arbeidarparti er einaste politiske utvalet som alt no tar stilling.

Partiet er positive til tunnelplanane, men går for kortast mogeleg tunnellengde (sentrum til sentrum).

– Dette er eit alternativ der tunnelen på etnesida kjem ut i Fjøsnaområdet, seier prosjektleiar Victor Carlsen jr. i tunnelselskapet.

Motsett

Leiinga ved Enge skule vil derimot ikkje ha tunnelen i Etne sentrum.

Dei peikar på aukande trafikkproblem ved skulen.

Norges vassdrags- og energiverk (NVE) seier seg nøgd med at det i planomtalen er teke omsyn til at Etnevassdraget er freda.

Også omsyn til sideelvar og flaumkartet for Etne er viktige når alternativ skal vurderast.

Private

Svale Naterstad, Stord, foreslår at tunnelen bør gå frå Nesvåg på Skånevikssida til Grønstad i Stordalen.

Han ynskjer at det blir bygt eit nytt ferjeleie på Vannestangen til Kvinnherad og at det blir bygt ein direkteveg frå Vannestangen til Nesvåg.

Nils Ramsvik i Etne vil primært ha det kortaste tunnelalternativet mellom Skånevik sentrum og Etne sentrum.

Let ikkje dette seg gjera, meiner Ramsvik at ein tunnel inn under Hålandsheia mot Stordalen bør vurderast som eit raskt samband mot Sauda.

Fritz Nordskog i Skånevik ynskjer seg eit av alternativa mellom Leknes i Skånevik til Grønstad eller Vad i Stordalen.

Vegvesenet

Statens vegvesen er nøgd med at tunnelselskapet står fram som planansvarlege og ser fram til eit samarbeid når arbeidet med kostnadsberekningane for alvor kjem i gong.

Kystverket krev at det blir teke omsyn til verneobjekt som Etnevassdraget og at bruk av tunnellmassar i strandsona berre må gjerast etter spesiell godkjenning.

Vegen vidar

Komité natur i Etne kommune skal ta stilling til planprogrammet i slutten av januar.

Så skal ulike konsekvensanalysar utgreiast og geologien i alle trasear undersøkjast. Så får Etne kommunestyre saka i juni/juli og dei gir i tilfelle grønt lys til at det kan utarbeidast ein reguleringsplan.



sigmund.hansen@haugesunds-avis.no

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.