NY STRID: ny strid: Dei siste fem åra av Kristen Millie (79) sitt liv i Skånevik var prega av konfliktar om kven som skulle overta småbruket. No, eit år etter hans død, står striden i Haugaland tingrett om testamentet hans er gyldig. Der arvar husverten hans, Olav Sævareid, både pengar og småbruk. arkivfoto: terje størksen
Arvestrid i Skånevik
I dag er 16 vitne, nesten alle frå Skånevik, kalla inn til rettssaka der avdøde Kristen Millies nevø, Torbjørn Milje, krev at testamentet blir erklært ugyldig.
Haugesund/Skånevik: I testamentet blir husverten til Millie dei siste åra av livet hans, Olav Sævareid, tilkjent både garden og alle hans pengar.
På eit tidspunkt var det over 1,1 mill. kroner på bankkontoen, men i løpet av ein kort periode blei kontoen tappa for 538.000 kroner.
LES OG: Omkamp om småbruk i 2008.
I retten onsdag sa advokaten til Olav Sævareid, Håkon Velde Nordstrøm, at Kristen Millie kan ha spadd ned pengane i skogen.
Klagar på advokat
Tidlegare fastlege i Etne og Skånevik i ni år, Tobias Nieber, har klaga Odda-advokaten Tom Berge inn for Advokatforeninga for dårleg advokatskikk.
I retten i går, sa Nieber at Berge hadde spela på at Kristen Millie var ute av stand til å skjønna at han hadde skreve eit skøyte og overdrege garden til ein stavangermann.
Dette vann advokat Berge fram med i retten.
– Men Berge fortalde meg ikkje at han, fire månader seinare enn skøytet, sjølv hadde sett opp eit testamente for Kristen Millie med seg sjøl og kona som vitne. Der gjekk alt til Olav Sævareid.
–Eg finn det ulogisk at Millie, fire månader etter at han ikkje kunne setja opp eit skøyte, skulle vera i stand til å setja opp eit testamente, sa Millie sin lege i retten.
Dr. Nieber sa også at hans røynsle er at «Skånevik er ein spesiell plass der folk er meir kranglete enn andre stader».
16 vitne
I dag er psykiater Hans Olav Tungesvik, tidlegare lensmann Oddvar Åsheim, fleire banksjefar, tannlege Olaf Larsen, Victor Carlsen jr., advokat Tom Berge og Magne Olseth blant dei innkalla vitna.
Olav Sævareid avviste i si partsforklaring blankt at han visste noko om testamentet som gav han både garden og pengane.
– Eg fekk vita om dette på sjølve gravferdsdagen til Kristen Millie, svara han.
LES OG: Fylkesmannen fjerna verge i 2006.
Nevøen som har reist saka for å få kjent testamentet ugyldig, Torbjørn Milje, sa at slekta hadde eit godt forhold til Kristen Millie – heilt til han flytta inn hos Olav Sævareid og kona.
Sauene sentrale
Første dagen stod spørsmålet kven som forlangte og kven som sende Kristen Millie sine sauer til slakt – dei siste medan dei venta lam – sentralt.
Olav Sævareid nekta for at han hadde noko med sendinga av dei siste sauene til slaktehuset. Han visste ikkje om det før dei velfødde sauene var slakta.
Advokat Helge Talmo kravde at retten måtte gje Sævareid ei rettergangsbot. For Talmo sat med eit brev frå Mattilsynet der Sævareid var nemnt som mannen som bad om at sauene blei hente og avliva.