Hoff Eiendom ønskjer å leiga den kommunale kaia sør for tømmerkaia på Dommersnes industriområde. Der vil dei leggja eit flotell som skal vera eit såkalla førstemottak, der asylsøkjarane bur seks til ni månader.

Asylmottak på lekter

Hoff Eigedom vil etablera eit såkalla asylflotell med plass til 220 personar på Dommersnes i Vikebygd. Flotellet som er aktuelt har 82 rom.

Annonse

FLOTELL: "Bella Ludwiga" ligg i dag i Egersund. Flotellet har 82 rom fordelt på tre dekk. Foto. Eide Bygg og Anlegg

Annonse

VINDAFJORD: Det er snakk om eit tre etasjars flotell som Eide Bygg & Anlegg i Haugesund i dag leiger ut i Eigersund. Selskapet er ein del av Eide Gruppen som har base i Høylandsbygd.

Rådmann Kristian Birkeland i Vindafjord var i går omvisar for folk frå UDI Vest og Hoff Eiendom.

– Dei vil leiga den kommunale kaia sør for tømmerkaia på Dommersnes industriområde, fortel Birkeland.

Det er snakk om eit såkalla førstemottak der asylsøkjarane oppheld seg seks til ni månader.

Skeptisk

– Etableringa av eit flytande asylmottak på Dommersnes er i utgangspunktet ei sak mellom UDI og Hoff Eiendom. Men eg sa at eg er skeptisk til plasseringa, seier rådmann Birkeland.

– Kvifor det?

– Dette er eit utprega industriområde med dårleg infrastruktur. Her er ikkje buss eller butikk.

Viggo Hoff i Hoff Eiendom ser at to bussavgangar til dagen ikkje er tilfredsstillande.

Intern bussrute

– Me ser for oss å oppretta intern busstransport til Vikebygd slik me har gjort på andre stader der mottaket ligg eit stykke unna sentrum og butikkar, seier Hoff.

– Flotellet har 82 rom. Korleis har de tenkt å få plass til 220 asylsøkjarar?

– Utrustinga på romma vil bli endra i samarbeid med utleigar. Romma vil få plass til to eller tre personar. Dusj og toalett på alle rom gjer det og enklare å bu fleire på rommet enn om dei hadde måtta dela eit bad med mange.

Felles kjøkken

– Kva med matlaging?

– Det vil bli lagt til rette med felleskjøkken. Mat i felles kjøleskap har me opplevd kan vera ei kjelde til intern uro. Me ønskjer difor å setja inn kjøleskap på alle romma.

– Flotellet skal liggja ved ein industrikai. Korleis har de tenkt å ivareta trivsel og tryggleik?

– Å bu ved eit industriområde er ikkje ideelt. Får me oppdraget vil me rydda, sikra og gjera området så triveleg som råd er. Det er ikkje me som bestemmer kven som skal bu på flotellet, men eg sa til UDI i dag at det ikkje er særleg eigna for born, seier Hoff.

Avgjer i neste veke

Regiondirektør Atle Berge i UDI Vest seier styresmaktene har bedt om at vestlandsavdelinga skaffar 600 nye plassar for asylsøkjarar i denne omgangen. I tillegg kjem 100 plassar til einslege, mindreårige asylsøkjarar.

– Me har fått tilbod omtrent i dette omfanget.

– Kva med tilbodet frå Hoff Eigedom om eit flotell i Vindafjord?

– Me reknar med å avgjera dette ein gong i neste veke.

Berge seier det er ei stund sidan sist at UDI nytta seg av flotell, lekterar med bueiningar oppå, for å husa asylsøkjarar.

Tilbod om 580 plassar

UDI og Hoff Eiendom skal i dag ha eit oppfølgingsmøte.

– Sidan dette er ein konkurranse, kan eg ikkje seia noko om korleis me ser på tilbodet frå Hoff Eiendom. Men det er kvalifisert, og det er difor me har vore på synfaring, seier Ole Petter Dahle.

Han leia gruppa frå UDI Vest som besøkte Vindafjord i går.

– Totalt på Vestlandet har me fått tilbod om 580 plassar. Det er dermed ikkje sagt at me vil kjøpa alle. I vurderinga som blir gjort, vil me sjå på både økonomi og om tilboda held god nok kvalitet, seier Dahle.

 

Siste nytt

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.