IKKJE TIL VIKEBYGD: Vindafjord formannskap avgjorde tysdag at dei ikkje skal leiga ut industrikaien på Dommersnes til eit asylflotell. No leitar operatørfirmaet, Hoff Eiendom, etter andre ledige kaiar på Vestlandet. Arkivfoto: xxxxx
Avviste asyl-flotell
Vindafjord formannskap sa tysdag samrøystes nei til å leiga ut den kommunale kaien på Dommersnes i Vikebygd til eit flotell som skal husa 220 asylsøkjarar.
Vindafjord: – Eit asylmottak på ein lekter i eit steinbrot. Nei, det er ikkje all slags business me bør innlata oss på. Det einaste som manglar er lenkjer på dei som skal bu der, sa Roald Årvik (Ap) i debatten om asylflotellet.
Terje Halleland (Frp) kalla heile ideen om å busetja asylsøkjarar på ein lekter for "toskaskap".
Viggo Hoff i Hoff Eiendom seier til Haugesunds Avis at dei no vil leita etter andre, kommunar eller private, som disponerer minimum 30 – 40 meter kailinje, for å finna ein plass til asylflotellet.
LES OGSÅ: Vil ha asylmottak på lekter.