Fokus Bank på Leirvik.
Bank stengt etter brann
Fokus Bank på Leirvik måtte stenga dørene grunna røykskadar.
STORD: – Me håpar å få opna i morgon, seier banksjef Sigrid Dahl Andersen.
I banklokala i Borggata, ligg røyken tjukt etter at det brann i Vestvikhuset, som ligg nedanfor bankbygget.
– Romma er fulle av røyk og sot, men det er ikkje materielle skadar, seier Dahl Andersen.
Onsdag formiddag var brannvesenet i full gang med utlufting av lokala.
– Røyken har truleg spreidd seg til denne bygningen gjennom ventilasjonsanlegget fortel banksjefen. Ho fekk beskjed om brannen kvart over fire onsdag morgon, og var på plass i sentrum eit kvarter seinare.
– Då var det fullt av røyk, seier Dahl Andersen. Ho påpeiker at kundane i liten grad er råka av at banken måtte stengja dørene.
– Dei kan få kontakt med kundesenteret sentralt, og elles brukar dei fleste kundane nettbank og kort, seier Dahl Andersen.