FEKK SVAR: Adm.dir. Kari Ugland og styreleiar Toralv Mikkelsen i Helse Fonna svarer Aksjonsgruppa på Stord i eit skriv på fem sider.
Beklagar dårleg dialog
Adm.dir. Kari Ugland beklagar at dei tilsette ved Stord sjukehus opplev at dei ikkje er blitt høyrde.
HELSE FONNA: Det gjer ho i eit omfattande tilsvar til Arbeidsgruppa ved Stord sjukehus.
Her presiserar ho at det ikkje føreligg planar om å svekka akuttberedskapen på Stord fram mot 2020 og heller ikkje å fjerna fødetilbodet.
–Helsa Fonna satsar på Stord sjukehus, heiter det i skrivet utarbeidd saman med styreleiaren i Fonna, Toralv Mikkelsen.
Ikkje tema
Samstundes seier dei at oppløysing av dagens føretaksstruktur ikkje er diskusjonstema, og at Fonna arbeidar innanfor rammer laga av Stortinget og på oppdrag frå det regionale helseføretaket Helse Vest.
Ugland «tar saman med leiargruppa på største alvor dei bekymringane som er skissert» i skrivet frå aksjonsgruppa til styret datert 10. januar i år.
Men ho meiner korkje føretaket eller dei tilsette er tent med at det blir oppretta særskilde kanalar for kommunikasjon på tvers av dei formelle strukturane.
Direktøren lovar på si side å bli tydelegare i sin kommunikasjon, mellom anna kring fødetilbodet.
Skrivet, som kjem som vedlegg til styremøtet i Fonna fredag 12. mars, tek og opp ei arbeidsmiljøundersøking i føretaket i 2009. Han synte at arbeidsmiljøet på Stord gjennomsnittleg er som for resten av Fonna, men at det i to einingar «kjem fram større utfordringar».
Direktør Ugland kjem også inn på dei tenestene som er fjerna frå Stord dei siste åra.
Om AMK-sentralen skriv ho at det var i tråd med nasjonale føringar, at det bak sterilsentralen låg ei økonomisk vurdering, medan overføringa av risikofødslar til Haugesund var av omsyn til pasienttryggleik og kvalitet.
Til spørsmålet om utarming av sjukehuset på Stord, svarar direktøren at 25 % av investeringane i Fonna dei siste fem åra har gått til Stord.
Men ho orsakar at omstruktureringa har vore slitande for dei tilsette.
Utstrekt hand
–Er svaret å oppfatta som ei utstrekt hand til tilsette på Stord, adm.dir. Kari Ugland?
– Gjerne det. Me erkjenner at dialogen har vore for dårleg. Det gjer vi noko med. Og vi ynskjer at problem skal handsamast internt, det har vi system for, svarar ho.
Ein eigen leiar på Stord vonar Ugland skal vera på plass innan utgangen av mars.