kjensler og sladder: Advokaten til Olav Sævareid, Håkon Velde Nordstrøm, bad retten sjå bort ifrå vitneprova til tre av vitna i Kristen Millie-saka. Det var berre kjensler utan bevisverdi, meinte han.

– Berre sladder

– Dei som meiner testamentet etter Kristen Millie må kjennast ugyldig, baserer seg berre på kjensler, sladder og ikkje jus, sa Olav Sævareides advokat, Håkon Velde Nordstrøm.

Annonse

svekka: Saksøkjars advokat, Helge Talmo, meiner han har bevist i retten at Kristen Millie var så forvirra og svekka mentalt at han ikkje kunne skriva testament.

innan ei veke: Dommarfullmektig Ranveig Gramstad sluttar i Haugaland tingrett etter at ho innan ei veke avseier dom i Kristen Milliesaka.

Annonse

HAUGESUND/SKÅNEVIK: Advokaten meinte uttrykk som at Olav Sævareide hadde «mentalt kidnappa» Kristen Millie, gjorde at retten måtte sjå bort ifrå vitneprova frå Magne Olseth, Margareth Bull-Tornøe og naboen Olaf Larsen.

LES OGSÅ: - PENGANE I EI UR
LES OGSÅ: - EG BLEI "MELD" TIL ORDFØRAREN
LES OGSÅ: ARVESTRID I SKÅNEVIK

– Dei baserte sine «bekymringsmeldingar» på det stavangermannen som ville ha garden fortalde dei. Og kva dei elles høyrde på bygda. Ingen spurte Kristen Millie. Og det var kommunen, ikkje Olav Sævareid, som tok initiativ til at Kristen skulle få bu hos Sævareid.

Testament

– Hadde ikkje stavangerslekta til Millie gått fram som dei gjorde då dei pressa fram underskrift på skøytet, og slaktinga av dei siste sauene til Kristen, er det godt muleg at han aldri ville ha skreve noko testament i det heile tatt. Men no var han skremd. Difor vende han seg til advokat Tom Berge i Odda og sette opp testament, sa advokat Nordstrøm.

Eit testament som Olav Sævareid ikkje kjende til før den dagen Kristen Millie blei gravlagt.

Dement?

Helge Talmo, advokaten til næraste slektning og saksøkar, Torbjørn Milje, sa at Kristen Millie, med si sviktane dømmekraft, sin demens og sine vrangførestellingar, måtte føra til at testamentet blei avvist.

– Kristen Millie hugsa ikkje at han hadde underskreve eit skøyte i vitners nærvær berre nokre månader seinare. Han sa at han ikkje kjende min klient (Torbjørn Milje, nevø) og at Torbjørn ikkje hadde vore i gravferdene til foreldra hans.

– Noko som er positivt feil, sa Talmo. Han viste også til at Kristen Millie ikkje kunne ta vare på seg sjølv på småbruket. Stell av dyra og seg sjøl var elendig. Han brukte ikkje badekaret som blei installert. Kyr og sauer måtte slaktast, han var mørkredd og hadde angst.

Advokat Talmo sa at Kristen Millie skifta personlegheit etter at han flytta inn hos Olav Sævareid og gjekk langt i å antyda at nokon kunne ha utnytta hans forvirring til å så aggresjon mot slekta og tidlegare venner.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.