Lovar godt: Mykje meir smålaks og brukbart med mellomlaks lovar godt for neste sesong, seier elveeigar Berge Kjell Opsal og sportsfiskar Hallgeir Brenden i Vikedalselva. Arkivfoto: Sigmund Hansen
Betre enn i fjor
Laksesesongen for Etneelva, Vikedalselva og Suldalslågen i år er lett å oppsummera: Til dels mykje betre enn i fjor.
VIKEDAL: I Suldalslågen er laksefangstane dobla frå botnåret i fjor. Ikkje minst takk vera at dei «hjelper» smolten til havs.
Både i Etneelva og Vikedalselva gler elveeigarane seg over auka laksefangst frå i fjor. Og dei gler seg endå meir over den sterke auken i svidder (smålaks under tre kilo). Det betyr nemleg at neste år kan det ventast eit godt innsig av mellomlaks frå tre til sju kilo.
Suldalslågen
Dagleg leiar Øyvind Vårvik i Suldal elveeigarlag seier at i år var første året dei kunne få tilbake smolt som var taua ut fjorden i merd før han blei sleppt ut i havet.
Utslepinga av 80.000 smolt frå klekkeriet i lågen i merd frå elvemunningen og ut fjorden ut i ope farvatn, gir resultat. Me har prøvd mange andre tiltak, men dette nyttar og gjer meg optimistisk, seier Vårvik.
Kvifor nyttar dette?
Fordi me hjelper dei på veg ut i havet og fordi dei kan hende også slepp unna lakselus.
Største laksen i Suldalslågen i år var på 21.1 kilo. Det er mange år sidan ein så stor laks blei tatt her.
Vikedalselva
Etter ein kanonstart med mykje stor laks, roa sesongen i Vikedal seg ned til eit normalår, men vel hundre kilo meir totalt enn i fjor.
Me gler oss serleg over at talet på fanga smålaks (svidder) mest dobla seg. Det lovar godt for mykje mellomlaks neste sesong, seier Berge Kjell Opsal i elveeigarlaget.
Etneelva
Elva i Etne hadde eit betre år i år enn i fjor. Laksefangsten auka med 954 kilo til nær 2600 kilo totalt.
Det blei eit mellomår, men me trøystar oss med at det blei fanga serleg mykje smålaks. Derfor trur me det kjem mykje mellomlaks neste år, seier Steinar Grindheim i Etne Laks.
Rømt tamlaks
Både Etneelva og Suldalslågen er plaga med rømt oppdrettslaks. I Vikedal verkar det som om oppdrettslaksen har problem med å koma seg opp trappene ved fossen.
I Etne blei det tatt 34 oppdrettslaksar på prøvefiske tre lørdagar etter sesongslutt.
Me har diverre også fått oppdrettslaks heilt øverst i elva. Og i dei nederste sonane blei det fanga oppdrettslaks dagleg heile sesongen. Det skumle er dessutan at dei var i alle aldrar og vektklassar (frå ein halv til ti kilo), sjøl om ingen av oppdrettsanlegga saknar fisk, seier Øyvind Vårvik.
Kva fortel dette deg?
Det fortel meg at her er noko som er ute av kontroll. Kvifor er det ingen som saknar tamfisken me tar i elvane våre? spør han.
sigmund.hansen@haugesunds-avis.no
Berge Kjell Opsal, elveeigar
Lovar godt: Mykje meir smålaks og brukbart med mellomlaks lovar godt for neste sesong, seier elveeigar Berge Kjell Opsal og sportsfiskar Hallgeir Brenden i Vikedalselva. Arkivfoto: Sigmund Hansen