Sett på Google Earth.
Betre Haugesundsbilete på Google
Google tilbyr nå høgoppløyselege bilete frå Haugesund på Google Earth.
HAUGESUND: - Eg fann tilfeldigvis ut at det nå er høgoppløyselege bilete frå vårt område, seier Henry Leirvoll som er ein ivrig Google Earth-brukar.
Han ville inn og sjekka kor sjøhuset på Åkra, som i helga blei totalt utbrent, er lokalisert.
- Eg er ofte innom Google Earth, det er morosamt å kikka. Sist eg var innom var det ikkje høgoppløyselege bilete, men det har vore høgoppløyselege bilete frå Stavanger og Bergen ei god stund. Eg har lenge irritert meg over at det ikkje har vore skikkelege bilete herfrå, seier Leirvoll.
Når ein kikkar på Google Earth eller Google maps viser det seg at det berre er Haugesund og deler av Karmøy det finst høgoppløyselege bilete frå i vårt distrikt. Like ved Sandve på Karmøy, ved Førre i Tysvær og litt før grensa til Sveio stoppar det. Vidare frå desse stadene er kvaliteten på bileta som dei tidlegare har vore over Haugesund.
Gir ikkje info om prioriteringar
Henry Leirvoll er hobbyfotograf og han har tatt bilete frå stader i distriktet, t.d. Amanda og Olavskirken, som han har lagt inn på Google. Bilete som blir ”godkjente” kan ein sjå ved å trykka på ein liten firkant på Google Earth.
Google er ikkje lenger den einaste som tilbyr slike kart, Leirvoll trekk fram Gulesider skråfoto som andre bra høgoppløyselege kart/bilete.
Haugesunds Avis har kontakta Google for å prøva å finna ut av korleis dei prioriterer når dei vel kva område som skal ”gjerast høgoppløyselege”.
- Diverre har ikkje Google oversikt over når Haugesund først blei presentert høgoppløyseleg. Vedrørande når og kva område som vil presenterast høgoppløyseleg i framtida, så går Google aldri ut med informasjon som dette på førehand, opplyser Elisabeth Nedresæter ved Google Pressetjeneste.