Tysvær kommune følgjer nøye med på bygginga av nye «Restauration». Kultursjef Ingvar Frøyland var til stades under utvandrarfesten på Finnøy 30. april.
Blir bygd for andre gong
Det første utvandrarskipet i Rogaland og Norge, «Restauration», blir bygd på ny på Finnøy.
FINNØY: Onsdag var finansieringa på plass, då SpareBank 1 SR-Bank overrekte tre millionar. Frå før har folk i Nord-Rogaland sørga for vesentlege summar til bygginga av skipet.
I fjor starta båtbyggjar Jørn Magne Flesjå ved Ryfylke Trebåtbyggjeri det mødesame arbeidet med å få bygd «Restauration» for andre gong. Det vil seia, nå blir det bygd ein heilt ny båt.
Tre månader til New York
Båten er tilnærma lik sluppen som gjekk frå Stavanger 4. juli 1825, med 52 utvandrarar frå Rogaland om bord. Blant dei 52 var ein vesentleg del frå nordfylket, med Tysvær i spissen. Tysværbuen Cleng Peersson, som hadde gifta seg og flytta til Finnøy, gjekk i bresjen for den norske utvandringa. Til saman emigrerte 860.000 nordmenn til Amerika.
Emigrantane levde trongt på den 54 fot lange båten. Overfarta til New York tok tre månader, og dei var framme i oktober 1825.
«Restauration» forsvann
Kor det blei av «Restauration» er det ingen som veit. Heller ikkje dei eksakte teikningane av båten er bevart. Men etter grundig arbeid har entusiastar funne ut korleis båten truleg såg ut. Nå går bygginga for fullt på Finnøy.
Replikaen av «Restauration» skal sjøsetjast i løpet av 2009. Målet er å ta med folk på tur i rogalandsfjordane, med historieformidling og oppleving som stikkord. Ei stifting eig og skal driva kopien av emigrantskipet. Stiftinga består av personar med bakgrunn innan byggjeskikk, turisme, politikk og formidling.
Østensjø og Solstad
Reiarlag som Østensjø og Solstad har gjeve fleire hundre tusen kroner til prosjektet. I tillegg er både privatpersonar og andre verksemder inne med store og mindre beløp. Med SR-Bank sitt bidrag på tre millionar kroner, er det nå komme inn 4,7 millionar.
Totalkostnaden er på seks millionar, men banken har også gjeve garanti for eit lån på 1,5 millionar kroner.