VAKKER: Den karakteristiske Langfoss skal fram i lyset både natt og vinterstid.
Blir synleg døgnet rundt
Vakre Langfoss skal endå meir fram i lyset. For nå skal den populære turistattraksjonen utstyrast med belysning.
EtneGår det som fagansvarleg for kultur og miljøvern i Etne kommune, Erik Kvalheim håper, skal den karakteristiske fossen utstyrast med flaumlys alt til vinteren.
Det er mange som har reist forbi det bekmørke området på kvelds- og nattetid og tenkt same tanken. Nå er me godt i gang med prosjektet, som også inkluderer opprusting av rasteplassen og betre skilting, opplyser Kvalheim.
Rundt 300.000 kroner er alt på plass etter ei løyving frå Hordaland Fylkeskommune. Det starta med ein søknad om økonomisk støtte frå stiftelsen Folgefonna Nasjonalparksenter, der Etne er ein av fem deltakande kommunar rundt fonna, og så har det balla på seg.
Både Etne kommune og Statens vegvesen blir involvert i prosjektet, og det blir også jobba mot sponsorar som Skånevik Ølen Kraftlag og velståande Sunnhordland Kraftlag.
Me har ein del tekniske utfordringar, blant anna med å få fram ny straumkabel til området. Kva løysing me endar på for sjølve opplysinga veit me enno ikkje, men det er inga problem med å få ei god opplysing av den nedre delen av fossen og minst hundre meter oppover, kanskje opp til 200 meter, seier Kvalheim.
Den rundt 600 meter lange fossen i Åkrafjorden er ein markant inngangsport til Haugalandet frå aust. Langfoss er ein av dei aller største og kjære turistattraksjonane i regionen og årleg passerer det rundt ein halv million bilar forbi. Estimat viser at rundt 300.000 personar stoppar her kvar år.