delte meiningar: Etter forskaren Svenn Arne Lie si oppfatning representerer Anne Bakke Handeland ei utryddingstrua yrkesgruppe. Sjølv meiner sveiobonden at framtida ligg i stordrift. arkivfoto: jan kåre ness (JAN KÅRE NESS)

– Bonden borte om 15 år

Vestlandsbøndene er i ferd med å bli erstatta av billig arbeidskraft frå Brasil, hevdar forskaren Svenn Arne Lie. Sjølv ønskjer han seg eit utvikling med fleire norske bruk i drift.

Annonse

ropar varsku: Forskar Svenn Arne Lie. foto: privat

Annonse

 

LANDBRUK:  – Norges Bondelag er i ekstase over dei låge kraftfôrprisane, men i praksis er det ikkje snakk om anna enn import av billig arbeidskraft frå Brasil, seier forskaren til Haugesunds Avis.

Han legg til at kraftfôrimporten i dag tilsvarar eit areal på mellom 2,5 og 3 millionar dekar dyrka mark.

Lie er forskar ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILEF) i Oslo. Til NRK Hordaland sa han måndag morgon at vestlandslandbruket vil vera utradert om 15 år dersom ikkje landbrukspolitikken blir lagt om. Og sjølv om han nyanserer tidsperspektivet litt overfor Haugesunds Avis, held han fast på hovudbodskapen.

43 prosent færre

– Frå 1995 til 2008 blei talet på bruk i dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal redusert med 43 prosent. Reduksjonen var omtrent den same i nord. I dei tre sentrale landbruksregionanane på Jæren, rundt Oslofjorden og Trondheimsfjorden var nedgangen 30 prosent. Dei tre sistnemnde regionane auka samstundes sin del av norske bruk i drift frå 33 til 40 prosent.

– Landbruket på Vestlandet toler ikkje ein tilsvarande periode med den same politikken, slår forskaren fast.

Det er strukturrasjonaliseringa, med overgang til større einingar og samdrift Lie vil til livs. Denne utviklinga er ikkje forsvarleg, korkje ressursmessig eller økonomisk, hevdar han.

– Det er interessant å lesa i Nationen måndag at banksjefen i Hegra Sparebank i Trøndelag ikkje vil vera med på finansiering av nye samdriftsfjøs. Han meiner det er for risikabelt. Kvifor skal strukturrasjonaliseringa finansierast med norske skattebetalarar sine pengar når ikkje bankane har tru på utviklinga? undrast Lie.

Og han legg til:

– Politikarane framstiller det som skjer som ei naturleg utvikling. I røynda er det snakk om ein styrt prosess, stimulert og finansiert av statlege ordningar.

Alle parti medansvarlege

Alle partia på Stortinget og landbruksorganisasjonane er ansvarleg for utviklinga, seier Lie.

– På 1990-talet åtvarte Sp-politikarar mot Framstegspartiet sin politikk og sa at den ville halvera talet på bønder. Nå har det skjedd utan at Frp har vore i regjering ein einaste dag. Men Senterpartiet har vore ansvarleg for den politikken som har blitt ført.

Lie hevdar også at politikarane langt på veg er i hendene på eit uvanleg sterkt byråkrati i Landbruksdepartementet.

Innan Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag er det også nyansar, men begge organisasjonane er medansvarlege gjennom samarbeidet med styresmaktene, hevdar Lie. I dag er han ein av foredragshaldarane på eit seminar i NBS-regi der også stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp) skal delta. Lie reknar med at Lundteigen då vil forfekta nokre av dei same synspunkta som han gjorde i Ølen for ein månads tid sidan.

Ønskjer fleire

– Det høyrest ut til at du vil frårå unge å satsa på ei framtid i landbruket?

Etter ein lang pause svarar forskaren:

– Slik eg ser det, må målet med norsk landbrukspolitikk vera å produsera mat på norske landbruksareal og med norske ressursar. Då treng me fleire bønder og fleire bruk, ikkje færre. På mellomlang sikt vil dette også visa seg å vera lønsamt, seier Lie.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.