Borar hol i halve Imsland kraft til 2.200 hus
Før sommaren 2010, skal tre småkraftverk til 125 millionar kroner vera på nett frå Imsland. To av dei alt til hausten.
Skytebas Ken Ove Vassgård fyller skytehola med til saman 450 kilo anolitt, før han evakuerer heile tunnelen og sprenger seg ytterl egare inn i Imslandsfjellet. Den store vasstunnelen mellom Imslandssjøen og Ølmedalsvatnet blir ein kilometer lang.
Edvard Imsland er pensjonert postmann som satsar på krafteventyret.
Lars Steinar Våga eig meir enn 96 prosent av Vågaåna. Her ved borestart saman med mora, Grete og anleggsleiar i Norhard, Kjell Knutsen.
Her er me 150 meter inne i tunnelen frå Imslandssjøen. Den skal bli 1 km og gå til Ølmedalsvatnet.
Per Bakkedal ved inntaksdammen på Grunneva. Han er ein av seks fallrettseigarar bak Ølmedal Kraft A/S.
Morten Gursli frå Moi (nærast) ser at Terje Bjunes frå Sirdal koplar vasslangen og gjer klart for boring ved Vågaåna i Imsland.
IMSLAND: Dei tre småkraftverka vil produsera nok straum til 2.200 norske husstandar. Til samanlikning har heile Sveio kommune 1.932 husstandar. Og i Imsland bur det 312 menneske.
I Ølmedal er den 80 meter lange tunnelen som skal husa kraftstasjonen til det grunneigareigde Ølmedal Kraft, ferdig denne veka.
To til
På Våga starta borekrona i går den tusen meter lange gnaginga oppover i fjellet. Teknologien er ny på land, kjend i Nordsjøen. Småkraft droppar røyrgata og styrtar vatnet rett ned i kraftstasjonen ved Rv 46, gjennom fjelltunnelen som er 700 mm i diameter.
Ved Imslandssjøen byggjer Fjellkraft kraftstasjon inne i tunnelen og ein tusen meter lang tunnel opp til Ølmedalsvatnet.
Drypp på mange
Pensjonert postmann Edvard Imsland eig ein sjettedel av fallrettane i Imslandselva.
Til saman har sju personar med rettar leigt dei vekk til Fjellkraft, som tar alle utbyggingskostnadene som er på vel 60 millionar.
Men i tillegg har dei skipa eit selskap, Fjellkraft Imsland A/S. Eg går inn som deleigar i dette selskapet, fortel Imsland. Dei andre grunneigarane har vald å ta imot årleg leige for fallrettane, fast sum eller omsetningsbasert, og ikkje investera i sjølve driftsselskapet.
På Våga
Litt lenger inne, ved Vågaånå, er det Lars Steinar Våga som eig 96 prosent av fallrettane. Eit sameige, der Våga også er med, eig resten.
Me samarbeider med Småkraft. Dei tek utbygginga, og så deler me det årlege overskotet. Pluss at me, til halvparten av teknisk verdi, kan overta alt om 40 år, forklarer Våga og mora, Grethe Våga.
Småkraft vil bruka utbygginga på Våga som eit utstillingsvindauge for ny teknologi.
I staden for ei røyrgate ned i fjellet, borer me ein vasstunnel oppover i fjellet ved hjelp av retningsstyrt boreutstyr, forklarer sirdølen Kjell Knutsen i borefirmaet Norhard.
For å koma heilt opp til Vågastølen og inntaket, skal det borast tre tunnelar i fjellet nedanfrå: Den nederste på 200 meter, så nye 200 meter og den øvste heile 600 lengdemeter.
Me pumpar vatn inn i borestrengen og spyler kaksen, som er den bora fjellmassen, ut med vatnet og ned i eit basseng på jorda her på Våga. Og me kler tunnelane innvendig med stålrøyr, forklarer Kjell Knutsen.
Sirdølen blir i alle fall til sommaren med på tunneldriving på Våga.
Er dette første kraftverket som blir bygd ut på denne måten?
Ja, saman med eit som er under arbeid på Heskestad i Sør-Rogaland.
Ølmedal
Dei seks fallrettseigarane i Ølmedal, skil seg ut ved at dei byggjer ut kraftverket i eigen regi.
Per Bakkedal er dagleg leiar og Kjell Hustveit styreleiar. I november produserer to turbinar straum nok til 750 husstandar på årsbasis. Investeringane er på vel 40 millionar kroner.
80 meter tunnel ved Ølmdalsvatnet, som skal romma kraftstasjonen, er ferdig. No skal Vikedal Mur og Flis leggja røyrgata 1.400 meter opp til inntaksdammen ved Grunnava. 27 polske trailerar kom med alle glasfiberrøyra.
Me har leigt vekk fallrettane til selskapet vårt, Ølmedal Kraft A/S i 30 år, forklarar styreleiar og fallrettseigar Kjell Hustveit.
Dei første driftsåra blir leiga pløgd inn i aksjeselskapet som eigenkapital. Seinare skal dei seks fallrettseigarane få utbetalt falleige som årleg godtgjersle, pluss at dei får utbytte frå aksjeselskapet, alt etter straumpris og kor godt drifta går.
Haugaland Kraft er i gang med å strekkja nye leidningar på overføringslinja mellom Imsland og Vikedal. Kapasiteten må aukast.
Imslandsbygda blir snart vår nye, store nettoeksportør av kraft. For Vindafjord kommune betyr det fleire hundre tusen kroner i årleg eigedomsskatt.