Branntilløp i kjellar

Ein bebuar meldte om branntilløp i Rogalandgata i natt. Politiet vil førebels ikkje seia noko om brannårsaka.

Annonse
Annonse

HAUGESUND: Klokka 05.10 kom meldinga om røykutvikling i Rogalandgata 207. Brannalarmen hadde gått av på staden.

Både brannvesen, politi og ambulanse rykka ut.

Politiet melder at ein mindre branntilløp i kjellaren blei sløkt av bebuarane på staden. Branntilløpet førte til ein del røykskadar.

Seks personar skal bu i huset, og ingen skal ha blitt skadd. Politiet har ikkje oversikt over kor mange personar som opphaldt seg i huset i natt.

Politiet vil førebels ikkje kommentera om det er noko som tydar på at brannen var blitt påsett.

- Me held alle moglegheiter opne, seier operasjonsleiar Svein Sørensen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Røyklukt på Hauge

Natt til torsdag brann det i to hus i Haugesund sentrum. Politiet meiner brannane blei påsett og har sikta ei kvinne for å ha starta den eine brannen. Ho er også mistenkt for den andre.

Det skal gjerast undersøkingar i huset i Rogalandgata, og vitne skal avhøyrast.

- Det kom røyk frå ei plastbøtte som stod under kjellartrappa. Det var ulming og røykutvikling i bøtta, seier 110-operatør Oddmund Lid.

Politiet vil ikkje kommentera dette.

Brannvesenet fekk i natt også melding om røyklukt på Hauge. Denne meldinga kom kl. 02.15.

- Det var nokon som brann bål i ei tønne. Dei som dreiv med dette fekk beskjed om å sløkka det, seier Oddmund Lid.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.