Kjøpmann Rolf Alne i Vikebygd seier han kjører på ubrøytt, glatt veg frå Vikebygd til Skjold for å henta brød kvar morgon klokka 06.50. Han er irritert på alle som har ansvar for at vedlikehaldskontraktane til slike vegar er så barberte at folk må kjøre i slaps og is.

- Brøytar alt for seint

– Langt på dagen, når alle andre vegar er brøytte og strødde – inkludert sykkel- og gangvegane i Skjold – då kjem dei og brøyter vegen i Vikebygd og Bjoa!

Annonse

Godsbilsjåfør Odd Helge Skjørestad må som regel på med kjettingar når han kjører til Vikebygd og Bjoa.

Annonse

VIKEBYGD: Kjøpmann Rolf Alne i Vikebygd er "opptrekte":

– Mesta seier dei ikkje høyrer mange klager frå Vikebygd. Men takka for det; det er for seint å ringa når me alt er hamna ut på glattisen. Det har aldri vore så gale som i vinter.

Alne kjører til Skjold kvar morgon klokka fem på sju for å henta brød.

– Og folk kjører til arbeid frå sekstida om morgonen. Glatte og ubrøyta vegar er regelen på den tida av døgeret. I går var vegen til Skjold brøyta etter klokka 15. Men då var sjøl sykkelstiane i Isvik rein asfalt.

– Er det meininga at me skal kjøra heile dagen i slaps? spør kjøpmann Alne.

Nye vikebuar, folk som nyleg har slått seg til i bygda, seier dei gruar seg for arbeidsvegen.

Mange ledd

Kjøpmann Alne er nøye med å understreka at han kritiserer sjølve systemet, ikkje kvar enkelt delentreprenør som brøyter etter kontrakt med Mesta.

– Vegvesenet gir ein kontrakt til Mesta, som deler han opp i mindre bitar og gir han til traktoreigarar og småentreprenørar.

Mitt poeng er at kontrakten må innehalda krav om mykje betre vintervegar for oss som bur på bygda.

50.000 tonn

Gangstø Transport reknar med åtte daglege vogntog til den nye plastfabrikken som startar i april/mai.

– Saman med tømmertransporten til Dommersneskaien og anna transport, reknar eg med at berre vårt firma vil transportera 50.000 tonn last på den smale vegen mellom Skjold og Vikebygd kvart år, seier Kjell Erik Gangstø. Han seier standarden på vegen er låg og minner om oppslag om at Boliden planlegg å frakta 30.000 tonn med vogntog over Haukeli på E 134 .

Overgitt

– Har dei vintervedlikehald her, seier du?

Godsbilsjåfør Odd Helge Skjørestad frå sørfylket fortel at han legg på kjettingar i Isvik før han tar turen rundt Vikebygd og Bjoa. Han er overgitt.

– Eg har sett godt brøyta sykkelvegar og interne kommunale vegar i vinter. Men eg spør meg ofte om kor hovudvegen er? smiler jærbuen.

Statens vegvesen opplyser at alle kontraktar har klare krav til standardar.

På E 134, E 39 og Rv 47 følgjer dei ein såkalla barvegstrategi (start brøyting ved 2 cm snø. Og ferdig brøyta før snøhøgda har nådd 6 cm).

For vegar med mindre døgntrafikk enn 500 bilar (Vikebygd/Bjoa og Skånevikstrand) er krava at brøytinga skal starta når snøhøgda har nådd 6 cm.

Vegvesenet aksepterer inntil 12 cm våt snø eller 15 cm tørr snø.

 

Siste nytt

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.