INN PÅ TUNET:

INN PÅ TUNET: Anne og Leif Grutle har drive tilrettelagde pedagogiske tenestetilbod på Straumøy Gard i Sveio i ei årrekkje. Huset i bakgrunnen er snart bygd om til tre verna bueiningar. (FOTO: Grethe Nygaard)

Buplass på tunet

Straumøy Gard i Sveio kan bli den første Inn på Tunet-garden i landet med tilbod om verna bustader.

Annonse
Annonse

SVEIO: Anne og Leif Grutle har lenge leika med tanken om å utvikla eit verna butilbod på garden. Då kommunen spurte om mulegheitene for a laga eit butilbod til ein brukar med psykisk utviklingshemming, var dei ikkje i tvil.

– Det står eit gammalt hus på garden, som me vurderte om me skulle riva eller totalrenovera. No jobbar me med å laga det til tre bueiningar, seier Anne Grutle. Tanken er å utvikla eit bu- og arbeidstilbod på garden som ligg nord i Sveio.

– For ein del brukarar vil det vera perfekt å kombinera butilbod med gardsdrift. For dei som likar å halda på med ting er her jo både morgonstell og kveldsstell, seier Anne Grutle, som er lærar med spesialutdanning i sosialpedagogikk.

– Viss dette fungerer er planen å byggja fleire bustader på garden, fortel ho.

Lang erfaring

I starten av juli kom meldinga om at Sveio er ein av to Hordalandskommunar som får statlege midlar til å utvikla «Inn på Tunet»-satsinga.

– Eg sat på ein fjelltopp i Toscana då eg fekk meldinga. Du kan sei at eg kom enno høgare opp etter det, smiler Anne Grutle.

Saman med ektemannen Leif, har ho drive tilrettelagde pedagogiske tenestetilbod i ei årrekkje. I tillegg til skuleopplegget og gardsdrifta, har dei eit avlastningstilbod for ungar og ungdom der familien treng eit pusterom. Dette er tilbod både Sveio kommune og Haugesund kommune har nytta seg av.

– Det er travelt, men det gjev oss veldig mykje, seier Grutle.

Godt samarbeid

Gjennom «Inn på Tunet»-løftet får Sveio kommune i år tildelt 200.000 kroner frå staten til prosjektet som skal gå over tre år.

– Etter mange år med godt samarbeid, og god kvalitet på tenestene, var det naturleg for oss å velja Straumøy gard som samarbeidspartnar i dette prosjektet, seier kommunalsjef i Sveio, Bjørn Gilje.

Målet er å styrka samarbeidet med Straumøy gard, søka samarbeid med nabokommunane, og å utvikla gode rutinar og avtalerammer for bruk av slike tenester.

I tillegg skal dei jobba med å utvikla butilbodet på garden.

– Det er vårt ønske å sjå på mulegheitene for å utvikla eit butilbod i samband med «Inn på Tunet». Så langt har me berre gode røynsler frå å bruka denne typen tenesteleverandørar, seier Gilje.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.