ÅKRAFJORDEN: Turistar skal bli kjende med Åkrafjorden frå cruiseskip. Bildet er frå Markhus.

Cruiseskip til Fjæra?

15 fastbuande og eigen kai for cruiseskip heile sommaren. Det kan bli framtida for Fjæra frå sommaren 2008. Tror du på cruisetrafikk på Åkrafjorden? Si din mening.

Annonse

TIL ETNE? Fred. Olsen-cruiseskip som "Black Watch" og "Braemar" kan bli faste gjester ved cruisekaien i Fjæra.

Annonse

ÅKRAFJORDEN: Flåm er fullbooka og Geiranger har mange cruiseturistar sett før. Difor vurderer Fred. Olsen Fjæra og Åkrafjorden som eit nytt tilbod til sine cruisepassasjerar frå sommaren 2008.

– Me treng nye plassar som ingen andre har, seier Anne Wiers-Jensen i Fred. Olsen Travel.

Måndag har ho invitert ordførar Amund Enge og prosjektleiar i landbruk/reiseliv Egil Ørjan Thorsen frå Etne til ein presentasjon i Oslo. Veka etterpå skal ho leggja fram Åkrafjord-alternativet for Fred. Olsen Cruise Lines Ltd., som held til i Ipswich i England.

– Dette er den andre presentasjonen av Fjæra og Åkrafjorden. Me syntest denne destinasjonen, med den tronge bygda med dei stupbratte fjella inst i fjorden, og Langfossen, virka så interessant at me har bestemt oss for å sjå nærare på dette alternativet, seier Wiers-Jensen.

Ho understrekar at det er oppdragsgjevaren, Fred. Olsen Cruise Lines i England, som tar den endelege avgjerda. Det kan skje før jul.

Kvifor Fjæra?

Wiers-Jensen fortel at Fred. Olsen har fire cruiseskip som går på Norge og Skandinavia i sommarhalvåret. Det er skip som "Braemar" og "Black Watch".

– Våre skip er relativt små, med 850 passasjerar. Fleire av konkurrentane har svære skip med mellom to og tre tusen passasjerar. Dessutan er mange av våre gjester "repeaters". Dei har vore i Geirangerfjorden og i Flåm. Dei vil sjå noko nytt. Åkrafjorden er eit alternativ, seier Wiers-Jensen.

Ein draum

– Får me dette til, er det mest som ein draum. Me skal gjera alt for å overtyda Fred. Olsen om at heile Etne kommune, og Fjæra og Åkrafjorden spesielt, er eit godt val. Den kommunale kaien i Fjæra må kunna rustast opp, me må tilby guida turar på land og sjø, seier ordførar Amund Enge.

Egil Ørjan Thorsen fortel at E 134 gjer det mogeleg å satsa på Fjæra som cruisehamn. Herifrå kan turistane dra på rundturar.

– Dei kan for eksempel dra frå Fjæra til Odda og ut fjorden til Ullensvang eller gjennom tunnelen til Kvinnherad og så kan dei gå om bord att i skipet i Rosendal. Dei kan få helikoptersafari til Folgefonna. Dei som berre vil nyta og sjå, kan sitja på utekafeen på Eljarvik (under planlegging) og nyta synet av heile Langfossen. Mulegheitene er mange, seier Thorsen

sigmund.hansen[AT]haugesunds-avis.no

 

Siste nytt

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.