- Eg blei ”meld” til ordføraren

Tidlegare lensmann Oddvar Åsheim ga si forklaring då Millie-saka fortsatte i Haugaland tingrett i dag.

Annonse
HJELPEVERJE:

HJELPEVERJE: Tidlegare lensmann Oddvar Åsheim sa i retten at Sævareid-familien melde han til ordføraren då han vitja Karsten Millie. (Arkivfoto: KATHRINE HOLT SIMONSEN)

DETTE ER MILLIE-SAKA:

Kristen Millie (79) i Skånevik døydde 27. mars 2009, ein månad etter at han vann fram i alle rettsinstansar med at skøytet på garden – til ein steson til søstera, var ugyldig. Stesonen døydde i 2007.

Etter Millies død dukka eit testamente opp som sa at husverten til Kristen Millie dei siste åra, Olav Sævareid, skulle arva alt etter han.

På eit tidspunkt hadde Millie ca. 1,1 mill. kr i banken, pluss eit småbruk i Skånevik.

Millies nevø, Torbjørn Milje, krev testamentet ugyldig i ei rettssak som starta onsdag.

Annonse

SKÅNEVIK/HAUGESUND: - Eg kjende meg motarbeid då eg blei oppnemnd som hjelpeverje for Kristen Millie. Det var Olav Sævareid, kona og advokat Tom Berge som tydeleg var imot at eg skulle vera hjelpeverje.

De forklarte tidlegare lensmann Oddvar Åsheim i tingretten i dag.

LES OGSÅ: ARVESTRID I SKÅNEVIK

Det gjekk så vidt at Sævareid-familien ringde ordføraren i Etne og påsto at Åsheim parkerte bilen borte ved kyrkja for så å pressa seg inn i leilegheita til Kristen Millie i huset til Sævareid.

- Eg prøvde å forklara Kristen Millie at eg va hans oppnemnde hjelpeverje. Men han svara at han alt hadde to advokatar, Tom Berge og Victor Carlsen jr.

Nabo til Kristen Millie og tannlege i Skånevik, Olaf Larsen, sa at han aldri opplevde fiendskap mellom Stavanger-familien til Kristen Millie og Kristen Millie før etter at han var flytta inn hos Olav Sævareid.

- Alle breva som Kristen Millie då byrja å skriva kan umuleg vera skrivne av han. Han kan knapt skrive ei heil setning og aldri formulera seg som til dømes: ”Eg har engasjert advokat”, sa Olaf Larsen i si forklaring i retten i dag.
 

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.