– Eg har tulla masse på jobb i dag

Det var hjertelege gratulasjonar som prega småpraten på Joker i Vikebygd i går. Bak kassa sat Solveig Alne - bygda sin ferskaste millionær.

Annonse
Annonse

VIKEBYDG: – Eg har tulla masse på jobb i dag. Det var rett før eg sende dagens aviser i retur, fortel Lotto-millionær Solveig Alne, som enno er skjelven etter oppringinga ho fekk frå Norsk Tipping laurdag.

– Eg trudde jo det var ein spøk til å byrja med, og det har enno ikkje gått opp for meg.

Kvart over fem på laurdag ettermiddag fekk ho telefonsamtalen så mange drøymer om: Solveig hadde vunne 2,1 millionar kroner i Millionsjansen.

– I mange år har eg spelt på dei same tala kvar veke, og eg har jo følgt med på trekninga i håp om å vinna, men trudde aldri gevinsten ville bli såpass.

Planen klar

Utanfor butikkdørene var flagget heist til topps, og inst inne i lokalet hadde butikkeigar Rolf Alne diska opp med kaker og kaffi til gratulantar som ville feira gevinsten saman med vinnaren.

– Gratulera! Skal du slutta i jobben og flytta til Syden nå eller?, spør ein kunde medan Solveig effektivt sender varene gjennom kassen.

– Nei, langt ifrå! Eg må jo vera jordnær sjølv om eg vinn pengar! Livet vil nok gå som vanleg, med nokre færre økonomiske bekymringar, seier Solveig Alne. Så langt er det berre ein plan ho har med pengane.

– Nå skal taket på huset mitt ordnast. Eg prøvde å få tak i snikkar allereie i går, men det var ikkje så lett.

Forutan snikkarjakta har Solveig Alne hatt ei travel helg.

– Det har gått i telefonar, meldingar og besøk heile helga, og i dag har eg berre vore heilt på sida av meg sjølv, fortel ho. Og besøka stansa ikkje ved heimen hennar. Ein jamn straum av gratulerande kundar seig innom Jokeren.

– Eg fekk gledestårer i auga då eg høyrte at Solveig hadde vunne. Alle kjenner henne så godt, og me unner henne dette, seier Ruth Svendsbøe, som i tillegg til handlinga tok ein gratulasjonsrunde på butikken i går.

Jobben på Joker-butikken har ho ikkje vurdert etter ho blei millionær, og sjefen Rolf Alne meiner det vil gagna alle at ho blir verande.

– Ho har arbeidd med eit utal styrarar og kassesystem i butikken, og ho er med på å halda hjula i gong her. Dessutan er ho så sosial at det er til hennar eige beste om ho blir, ler han.

Den nye Verdal'n?

Solveig hadde levert kupongen på eigen arbeidsplass, og nå håpar både ho og kollegaer på at fleire vil prøva vinnarlukka hjå dei.

– Ja, det blir spanande å sjå om det blir noko auke i tippinga, seier Rolf Alne, som før helga ikkje kunne lokka med lottomillionærar frå sitt tippehjørne.

– Eg trur jammen det allereie i dag har vore fleire enn vanleg innom og tippa, seier kollega Solveig Rønnstad, som nå har fått gode talltips frå vinnaren.

– Du får spela på bursdagsdatoane i familien din, seier Solveig Alne, som har hatt klokkartru på bursdagstala så lenge ho har tippa.

Ein ny gratulant og kunde trakkar inn i butikken.

– Gratulera då, Solveig!

– Takk, har du ein snikkar til meg?

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.