VASSKJELDE: Etneelva kan verta einaste vasskjelde for 700 husstandar.
Ekstrem vass-situasjon i Etne
Når du fyller eit glas med vatn i Etne forsvinn det to glass med vatn ut i intet. Denne veka kan det vera slutt på drikkevatnet i bygda.
ETNE: Årsaka til at 2/3 av drikkevatnet i Etne går til spille er dårleg ledningsnett.
NRK melder at medan kommunane i Hordaland ber innbyggarane om å spara på vatnet når i snitt 40 prosent av drikkevatnet aldri fram til kranane.
Les og: Rekordbruk av vatn på Karmøy.
- Kan bli einaste vasskjelde
Dei omfattande lekkasjane ved vassverket i Etne let seg vanskeleg kombinera med ein tørr vinter. Mot slutten av veka kan Etneelva bli einaste vasskjelde for omlag 700 husstandar, fortel Arvid Ness i Etne kommune til NRK.
– Dersom det ikkje kjem litt meir mildvêr, vil det seie at ein god del av bygda Etne vil få vatn inn frå elva. Og då vert det koking på dei, seier han.
Etne kommune har allereie stengt symjehallen og gymsalen ved Enge skule for å spara vatn.
– Me kan ikkje fortsetja å ha ein så stor lekkasje som me har no, seier Ness.
Ifølge NRK er Noreg blant dei dårlegaste i verda til å ta vare på drikkevatnet, og i Hordaland er Bergen verstingen. Der forsvinn ein tredjedel av drikkevatnet på grunn av lekkasjar, noko som tilsvarar nær 18.000 svømmehallar.