Rask hjelp: Hjelpemannskap kom raskt til ulykkesstaden, men livet til kvinna sto ikkje til å redda.

Eldre kvinne død etter påkøyrsel

Ei 85 år gammal kvinne frå Haugesund døydde på veg til sjukehuset etter at ho vart påkøyrd klokka 15.40 i dag.

Annonse
Annonse

Ulykka skjedde i krysset mellom Salhusvegen og Pernillevegen, ved Vår Frelsers gravlund. Etter alt å døme kom kvinna frå gravplassen og vart rygga på av ein liten varebil. Bilen, som vart køyrd av ein mann i 40-åra frå Haugesund, var på veg nordover då han stoppa og begynte å rygga.

Kvinna vart straks frakta til sjukehuset, men døydde undervegs.
Operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at det er ikkje er mistanke om at bilføraren var påverka av promille. Alle prøvar er tekne og førarkortet er beslaglagt, opplyser Friberg.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.