Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Elleve tatt i narkorazzia


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

Fem unge jenter og til saman elleve personar blei pågripe då politiet gjennomførte ein narkorazzia på Karmøy natt til sundag.

– Aksjonen var retta mot eit miljø som tydelegvis har bygd seg opp den siste tida. Me ser svært alvorleg på denne utviklinga der veldig unge jenter lar seg lokka med av eldre menn som kan tilby narkotika, seier operasjonsleiar Bjarte Myklebust ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Etter det Haugesunds Avis kjenner til er beslaget på rundt 50 gram amfetamin og litt mindre enn 100 gram hasj.

Det var like over midnatt at politiet frå Karmøy, med assistanse frå Haugesund, slo til mot eit hus på Torvastad. Medan seks personar i bustaden blei pågripe, kom ein bil med ytterlegare gjester til staden. Desse vart arresterte idet dei steig ut av bilen.

Unge jenter

Ni av dei arresterte er frå Haugesund, ein er frå Karmøy og ein frå Vindafjord. Dei seks jentene er i alderen 16 til 18 år, medan mennene er frå 22 til 40 år gamle.

Operasjonsleiaren opplyser at hovudmannen er ein 25 år gamal mann frå Karmøy. Også ein annan mann har truleg ei sentral rolle i dette narkomiljøet.

– Det blei beslaglagt betydeleg mengde amfetamin og hasj. Dei arresterte vedgjekk også å ha brukt GHB, opplyser operasjonsleiaren, som ikkje ynskjer å gå i detalj om mengdene.

Aksjonen føregjekk utan form for dramatikk, men omfanget var større enn politiet hadde rekna med. Dei gjekk tom for handjern og måtte få tilført ekstraforsyning frå politikammeret.

Fleire aksjonar

Politiet lover å gjennomføra fleire aksjonar for å stoppa dette miljøet som tiltrekkjer unge jenter. Det er ikkje mange dagane sidan ei 16 år gamal jente blei lagt inn på sjukehuset i Haugesund utan medvit etter å ha brukt GHB.

– Det skremmande med dette stoffet er at det ikkje finst motgift, seier politifullmektig Bjarte Myklebust.
Dei arresterte blei alle tatt inn politistasjonen og tre menn og to jenter sat i avhøyr utover sundagen. 25-åringen blir truleg framstilt for varetektsfengsling over helga.
Også barnevernet vil bli kopla inn i denne saka.

Publisert mandag 02. juni 2003 kl. 00:00.
Sist oppdatert mandag 02. juni 2003 kl. 07:41.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.

Annonse

Hai tatt utenfor Skudenes

Skater på Amanda

Sjark

Se flere videoer

Snarveier

Innsida Innsida.no

Lokalavisa i Sunnhordland.

Ut24 Ut24

Planlegg fritiden din.

Reisemeldinger Reisemeldinger

Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.

TV-Guiden TV-Guiden

Dette bør du få med deg.

Avisannonser Siste ukes annonser

Her kan du søke opp siste ukens papirannonser

Dagens leder Dagens leder

Les dagens leder fra Haugesunds Avis.

Søk i skattelistene
for 2008

Annonse