BYGGJER NYTT: Alexander Aursland har kjøpt tomt i eit byggjefelt på Høie og håpar å få eit toetasjerhus ferdig til neste jul for han, kona og dei to barna. Huset kjem til å kosta rundt ein og ein kvart million, men inkludert all arbeid reknar han med å bruka to millionar.

Enøk gjer det dyrare å byggja

Nye byggjeforskrifter for å spara meir energi, fører til dyrare investeringsutgifter ved nybygg. For eit hus på 160 kvadratmeter i bruttoareal, reknar myndigheitene med ein ekstrakostnad på nesten 100.000 kroner.

Annonse
Annonse

TYSVÆR/HAUGESUND: Alexander Aursland bur i blokk i Haugesund, men skal snart søka kommunen om å byggja hus på ei tomt på Høie i Tysvær.

Han stiller seg tvilande til om han kjem til å bruka den nye forskrifta.

– Samfunnsmessig er det jo bra å spara energi. Men viss det er ein ekstrakostnad på 100.000 kroner, så spørst det om det er dråpen som gjer at ein går over til bruktmarknaden.

Eit ordentleg ventilasjonsanlegg, som er eit av krava i dei nye forskriftene, påpeikar Aursland at han iallfall skal få seg. Det er ein overgangsperiode på to år etter at forskrifta trer i kraft 1. februar, så søker du kommunen innan 2008 om å byggja nytt, kan du velja å bygga etter dei gamle reglane.

Billigare på lang sikt

Målet til myndigheitene er å få ned energibehovet i nybygg med 30 prosent. Kommunal- og regionaldepartementet skriv i ei pressemelding at dette, gjeve dagens rente og straumpris, vil svara seg på lang sikt, fordi energigevinsten veg opp for den auka investeringskostnaden.

Eit hus på 160 kvadratmeter (bruttoareal) vil bli omtrent 70.000 kroner dyrare enn no, reknar myndigheitene med. Innsparingstida vil vera 18 år, gjeve ein straumpris på 75 øre per kilowatt-time og ei rente på fire prosent. Det blir teke atterhald om at det endelege vedtaket ikkje blir gjort før i løpet av denne månaden, og desse tala er henta frå forslaget som blei sendt ut på høyring.

– Klare for krava

Ein del byggfirma satsar allereie på låg-energi-hus. I sommar skreiv Haugesunds Avis om Øygarden Eiendom som byggjer 18 leilegheiter på Karmøy, som vil få eit energiforbruk på under halvparten av det vanlege.

Hedalm Anebyhus, som er eit av mange firma som byggjer hus, seier at dei ikkje vil få noko problem med å klara krava, og hevdar også at det ikkje vil bli dyrare å byggja hus hos dei.

– Me har ein standard som me har bygd alle husa etter det siste halvanna året. 30 prosent energisparing vil ikkje vera noko problem, seier Arne Høvring, regionsjef for Rogaland og Hordaland i Hedalm Anebyhus.

– Etter at me gjorde endringane, blant anna auka isolasjon, gjorde me ingen endringar på prisen, utanom indeksregulering og at materialar er blitt dyrare, seier Høvring.

"Målet er å få ned energibehovet 30 prosent"

arild.feraas[AT]haugesunds-avis.no

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.