Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Er laga av regnskogtømmer


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

Benkane i 700 reklamebusskur som er sett opp i Rogaland, er laga av regnskogtømmer.

ROGALAND: Det er regnskogtømmeret ipé som er blitt brukt. Busskura blei sett opp i fjor, og JCDecaux opplyser at ca. 143 av busskura er lokaliserte i Haugesundsområdet. Regnskogsfondet reagerer på bruken av regnskogtømmer.

- Tømmerhogst er ei viktig årsak til regnskogsrasering og bruk av tropisk tømmer bidrar til avskoging. Når regnskogen blir øydelagt, blir det skapt enorme mengder klimagassutslepp, unikt naturmangfald går tapt og millionar av menneske som er avhengige av skogen mistar livsgrunnlaget sitt, seier Solveig Firing Lunde i Regnskogfondet til Dagbladet.no.

JCDecaux tar sjølvkritikk på at dei ikkje har greidd å framskaffa miljøsertifikat på regnskogtømmeret som er brukt. Til Dagbladet seier administrerande direktør i Noreg, Øyvind Markussen, at dei har fått tak i sertifikat til underleverandøren av det tropiske tømmeret, men det seier ikkje noko om sjølve trevirket.

- Meir dokumentasjon enn det er vanskeleg å skaffa, då norsk miljøinformasjonslov ikkje gjeld utanlandske føretak, seier han til nettstaden. Han tar sjølvkritikk på at dei ikkje har sjekka at sjølve leveransen var sertifisert, og understrekar at det vil bli gjort i framtida.

Berre i Rogaland

Regnskogsfondet seier til Dagbladet at det ikkje finst noko sertifiseringsordning som kan garantera at tropisk tømmer er hogga på miljøvennleg og lovleg vis. Dei meiner difor at ein bør unngå all tømmer frå regnskogsland. I handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp, seier regjeringa nei til bruk av tropisk tømmer.

- Me liker sjølvsagt ikkje at tømmer frå regnskog er blitt brukt. Me synest det er best at norsk tre blir brukt, med lokal hogst slepp ein transport, seier Erlend Tellnes, fylkesleiar i Rogaland Natur og Ungdom.

- Natur og Ungdom har kvar haust samarbeid med Regnskogfondet, då sett me fokus på butikkar som importerer tropisk tømmer. Det Natur og Ungdom Rogaland for tida jobbar med i forhold til tropisk tømmer er å få kommunane i fylket til å gå inn for å hindra bruk av slik tømmer i deira kommune, seier haugesundaren Erlend Tellnes.

I tillegg til busskur leverer det franske selskapet JCDecaux produkt som toalett, informasjonstavler, benkar og avfallskorger.

JCDecaux Norge opplyser at det berre er til busskur i Rogaland at benkane er blitt laga av regnskogtømmer. Rogaland skal ha insistert på at benkane skulle vera av trevirke.

Publisert torsdag 12. februar 2009 kl. 00:00.
Sist oppdatert torsdag 12. februar 2009 kl. 15:56.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.

Annonse

Hai tatt utenfor Skudenes

Skater på Amanda

Sjark

Se flere videoer

Snarveier

Innsida Innsida.no

Lokalavisa i Sunnhordland.

Ut24 Ut24

Planlegg fritiden din.

Reisemeldinger Reisemeldinger

Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.

TV-Guiden TV-Guiden

Dette bør du få med deg.

Avisannonser Siste ukes annonser

Her kan du søke opp siste ukens papirannonser

Dagens leder Dagens leder

Les dagens leder fra Haugesunds Avis.

Søk i skattelistene
for 2008

Annonse