bygde likevel: Hytteeigaren frå Stord valde å reisa eit tilbygg til hytta si ved Stordalsvatnet i Etne, sjølv om to Fylkesmenn hadde sagt nei. Etne kommune, deri-mot, meinte han burde få lov til å reisa dette tilbygget på ca. 25 m² og no nektar politikarane i Etne å kreva at hytteeigaren riv tilbygget. foto: sigmund Hansen
Etne kommune trassar Fylkesmannen
Etne kommune ville så gjerne la Eirik Hystad frå Stord få utvida den vesle familiehytta ved Stordalsvatnet. Fylkesmannen sa nei. Så bygde Hystad tilbygget likevel – utan løyve.
I stordalen: Eigaren skriv at hytta er sentral for både hans familie og søstera sin familie og at ho er blitt for liten.
fin natur: Hytta til Eirik Hystad ligg vakkert til ved Stordalsvatnet.
ETNE: Rådmann Elling Hetland i Etne meinte kommunen ikkje hadde noko anna val enn å påleggja Eirik Hystad å riva tilbygget – ettersom alle ankeinstansar var prøvde.
Men i går sette eit samrøystes Komite Natur i Etne foten ned – for to fylkesmenn som har behandla saka.
Dei vedtok samrøystes at saka vert utsett til oktober 2012 og at ei eventuell riving blir sett i samanheng med ein ny plan der omlegging av E 134 i Stordalen blir trekt inn.
– Komite Natur er ikkje samd i avgjerda frå Fylkesmannen. Tilbygget må sjåast som bagatellmessig, heiter det i vedtaket i Etne. Og lokalpolitikarane seier vidare:
– Komite Natur vil krevja at Fylkesmannen sitt embete set av tid til synfaring i saker der han set tilside vedtak gjort av komite Natur. Eit vedtak der Fylkesmannen set til side lokaldemokratiet utan synfaring, vil kunne øydeleggja motivasjonen for å drive lokaldemokrati, skriv eit samrøystes utval i Etne.
Prøvd og prøvd
Stordabuenhar prøvd i to omgangar å overtyda kommune og fylkesmann om rimelegheita i å få utvida hytta med 24 m². Hytta er 47,5 m² frå før.
– Denne fritidsbustaden har vore i familien si eige i alle år. Eg og søster mi, som bur i Skien, har vakse opp med denne eigedommen og kjenner sterk tilknyting, skriv Eirik Hystad.
– Begge familiane ønskjer å tilbringa helgar og feriar saman, skriv hytteeigaren. Men hytta har berre to små soverom.
Etne sa ja
Politikarane i Etne har to gonger sagt ja til at det skulle bli gjeve dispensasjon frå byggjeforbodet i 100-meterssona.
Fylkesmannen i Hordaland klaga på dispensasjonsvedtaket og fekk medhald hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som ankeinstans.
Dermed er saka endeleg avgjort.
Verna vassdrag
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skriv i sitt endelege avslag at «dei ikkje kan sjå at dei personlege forholda kan tilleggjast særleg vekt som «særlege grunnar» for dispensasjon i eit nasjonalt verna vassdragsområde.
Etne på bana
Tidleg i sommar fekk så Etne kommune informasjon om at Eirik Hystad likevel har starta arbeidet med å byggja tilbygg.
– Me har plikt til å gripa inn, seier rådgjevar Lars Idar Yrke i kommunen.
Men i går utsette komite Natur heile rivingssaka til oktober 2012 og trassar Fylkesmannen.