Haugesunds AvisNyheter
HAUGESUND: I går blei ein raud bil med kamera på taket og googleklistermerke på sida observert fleire stader i Haugesundsområdet. Det er googlebilen som tar gatebilete til google si teneste Google Street View.
Erling Lothe oppdaga bilen fleire stader i Haugesund sentrum i går, blant anna på Risøy.
- Eg forstod med ein gong at det var googlebilen, den hadde ei nesten to meter høg mast på taket. Det er morosamt at iallefall sentrum av Haugesund kjem med på Google, og det er morosamt at dei har starta å ta bilete av mindre norske byar, seier Lothe.
Etter det han kjenner til fortsette bilen i går mot Bergensområdet.
I slutten av april i år blei det kjent at googlebilen skulle komma til Noreg, slik at norske byar kjem inn på Google Street View, det melder Din Side.
Google opplyste då at det kan ta månader berre å dekka ein enkelt by. Når bileta er samla inn går dei gjennom ein prosess der Google sensurerer vekk ansikter og bilskilt. Googlebilen skal berre køyra på offentlege område.
Google opplyser til Haugesunds Avis at det opprinneleg blei annonsert at googlebilar skulle køyra innom dei største norske byane, men at dei også køyrer innom andre område. Viss ein googlebil blir observert i eit område er det ei stor moglegheit for at området vil bli fotografert, men Google kan ikkje seia det med 100 prosent sikkerheit.
Viss du blir avbilda av Google medan bilen er på Haugalandet og kjenner deg igjen etter at det er blitt lagt ut på nett, kan du rapportera inn viss du synest biletet er støytande, eller Google har gløymt å sladda eit ansikt eller bilskilt.
Street View er ein del av Google Maps. Via den nye funksjonen kan brukarar utforska og navigera i eit nabolag ved hjelp av panoramabilete tatt på gateplan.
LES OGSÅ: Betre Haugesundsbilete på Google
Publisert onsdag 05. august 2009 kl. 00:00.
Sist oppdatert onsdag 05. august 2009 kl. 13:13.
Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.
Innsida.no
Lokalavisa i Sunnhordland.
Ut24
Planlegg fritiden din.
Reisemeldinger
Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.
TV-Guiden
Dette bør du få med deg.
Siste ukes annonser
Her kan du søke opp siste ukens papirannonser
Dagens leder
Les dagens leder fra Haugesunds Avis.