Ein stor hoggorm kravla ut or pelsen då villsauen på Skånevikstrand reiste seg. Sauebonden, som kom med mjøl, meiner hoggormen "kulsa litt" og søkte varmen i saueulla.
Fann hoggorm i ulla
Han gjorde store auge, sauebonde Reidar Ebne på Skånevikstrand: Ein sau reiste seg og ut av ulla fall ein halv meter lang hoggorm!
SKÅNEVIKSTRAND: Det var tysdag i forrige veka at Ebne skulle ut med mjøl til villsauene sine.
Dei går her like rundt tunet. Då eg nærma meg, reiste sauene seg og ut or ulla på eine sauen spratt ein velvaksen hoggorm på ikring ein halv meter, fortel sauebonden.
Kva gjorde du då?
Eg har jo ikkje lov å gjera noko med hoggormen. I motsetning til både sauer og sauebønder, er hoggormen freda.
Ormen var ganske sprek og kraup inn i ein steingard i nærleiken.
Søker varme
Ebne meiner det er klart at hoggormen, den 19. februar, må ha vore ute på ein rekordtidleg tur.
Eg har aldri sett orm her så tidleg på året, seier Reidar Ebne.
Men hoggormen må ha funne tilhøva litt kulsne og søkt inn i varmen i ulla til eine av sauene.
Korleis reagerte sauen?
Den var heilt uberørt og var meir opptatt av mjølet.
Mykje orm
Det er etter måten mykje orm i Ebneområdet. Dei ser det ofte på overkøyrde ormar i vegen.
Og så snart det glytter av sol, kan ein finna hoggorm som dormar seg på steinheller. Det er varmen som avgjer forma til ormen, har Ebne funne ut.
Orm på skuldra
For ein del år sidan gjekk ei historie langt utanfor Norges grenser om Haldor Hjelmer- vik som trefte orm då han symde i Ebnavatnet.
Haldor hadde lagt ut på svøm over vatnet. Då fekk han besøk av ein hoggorm som ville ha skyss, fortel Reidar Ebne.
Svømmaren merka noko bak på ryggen som kravla oppover. Hoggormen kom seg heilt opp på skuldra til Hjelmervik. Det var eit besøk som nok ville sett ein støkk i alle svømmarar, trur Reidar Ebne.
Reven redninga?
Reidar Ebne har som sauebonde lite til overs for reven. Den tek nemleg lam og er glupsk på mykje anna, også.
Men ein ting skal reven ha, seier Ebne; han tek hoggorm.
Ein gong dei jakta seg fram til eit revehi, fann dei mange restar etter oppetne hoggormar som reven tydelegvis hadde brukt som føde til seg sjøl og ungane sine.