Jerver sine spor er 12-15 cm lange. Dei små spora er frå ein rev som har følgd etter jerven.
Fann jervespor i Suldal
Statens naturoppsyn skulle fella jerven viss dei kom nær nok.
SULDAL: I september i fjor blei det avdekka betydelege skader på lam i Lyseheiene og tilgrensande område. Statens naturoppsyn Agder og Rogaland har difor prioritert å registera aktivitetar i Setesdal- og Ryfylkeheiene denne vinteren. Statens naturoppsyn har brukt helikopter og snøskuter for å leita etter jerv.
LES OGSÅ: BER STATEN TA JERVEN
Direktoratet for naturforvaltning melder at det er dokumentert jerv med jamne mellomrom i Lyse-, Suldal-, og Bykleheiene, men at det også er periodar der det ikkje er funne spor. Det er ikkje blitt registert aktivitet som tydar på yngling.
- Den næraste staden me veit om yngling er i Sogn. Men jerven kan vandra svært langt. I Suldalsområdet viet me at det går hannar, men me har ikkje kunna dokumentera at det er tisper der, seier Jon-Erling Skåtan, regionansvarleg for rovvilt i Statens naturoppsyn Agder og Rogaland.
Fann ferske spor
Statens naturoppsyn fekk før påske i oppdrag å leita etter jervespor. Direktoratet for naturforvaltning var innstilt på at det skulle fellast jerv i området viss det blei funne ferske spor. Etter påske blei det funne ferske spor etter eitt dyr i Bykle. Denne jerven blei spora vestover og inn i Suldal, men når dyret forsvann ned på barmark i Suldal var det ikkje mogleg å følgja spora vidare.
- Spora forsvann i Suldal. Viss me hadde funne jerven kunne me ringt direktoratet for naturforvaltning og fått fellingsløye, seier Jon-Erling Skåtan.
Arbeidet med jerv i Setesdal-Ryfylkeheiene er nå blitt sett på vent, og det vil kanskje bli tatt opp igjen om forholda gjer det mogleg å registera jerven sine rørsler. For å få til dette trengst det til dømes eit nytt snøfall i høgda.
- Det kan komma snøfall i høgtliggande område til ut i mai. Me følgjer med og viss det kjem snøfall vil me prøva igjen, seier Skåtan.
RSG er blitt politimeldt
Problemet med jerv i Ryfylkeheiene har også engasjert Rogaland Sau og Geit (RSG), som tidlegare i år lova 20.000 kroner i skotpremie for kvar felte jerv. Dette har Fylkesmannen i Rogaland meldt til politiet.
- Me har ikkje høyrt noko frå politiet, men få melding når dei har bestemt seg for noko, seier Anders T. Braa hos Fylkesmannen.