Steinulf Tungesvik og Hordaland Sp sørgjer for auka press på utbetring av stamvegen over Haukeli og oppstart av Stordalstunnelen.

Får fart på E 134

Tidlegare statssekretær i Samferdselsdepartementet, Steinulf Tungesvik (Sp) trur bygging av Stordalstunnelen kan forserast.

Annonse
Annonse

ETNE: Hordaland fylkesting har prioritert E 134 som eitt av prosjekta i Nasjonal Transportplan (NTP) 2010 – 2019. Steinulf Tungesvik ser det som naturleg at Stordalstunnelen blir bygd før miljøtunnelane forbi Røldal.

– Det bør vega mogeleg å få oppstart i Stordalen i første del av NTP; i 2010 – 2013, meiner leiaren i Hordaland SP.

Viktig prioritering

Fylkeslaget la i går sitt styremøte til Etne og inviterte seinare på kvelden til ope møte med samferdsel, jordbruksoppgjeret og kommuneøkonomi som tema. Tungesvik er optimistisk med tanke på å få forsert oppstarten av den "gløymde" Stordalstunnelen.

– Det er viktig at fylkestinget, som er primær høyringsinstans til NTP, prioriterer Stordalen, etter forslag frå Sp. Det er ikkje gitt at dette tinget kastar blikket så klart sør/aust i fylket og til ein veg som betyr så mykje for naboregionen Nord-Rogaland, seier den tidlegare statssekretæren.

E 134

Fylkespolitikaren trekkjer fram E 134 som ein av fleire viktige stamvegar i Hordaland. Og seier i eitt samrøystes vedtak at det er uheldig at det ikkje er sett av midlar til nye strekningsvise investeringstiltak til vegen over Haukeli.

Fylkestinget går inn for omlegging av Grostøl (Seljestad) – Vågslid, og understrekar miljøgevinstane av dei to tunnelane, og at minst ein av dei to etappane Røldal aust/vest kjem inn i NTP.

Det andre prioriterte prosjektet på E 134 er Stordalstunnelen i Etne, meiner fylkestinget.

– Kjem først

– Etter mi mining ligg alt til rette for at Stordalstunnelen kjem først. Prislappen her er i storleik 120 millionar, medan ny veg forbi Røldal er i milliardklassen, seier Steinulf Tungesvik.

I Etne kunne han også røpa at Samferdselsdepartementet, før han gjekk av som statssekretær, har i gangsett eit arbeid der det blir sett på ulike løysingar for å få gjennomført Stordalstunnelen.

Utan bompengar?

Statens vegvesen er i gang med dette tekniske arbeidet, som også vurderer om det er mogeleg å få utført prosjektet utan bompengeinnkrevjing, slik som Etne kommunestyre har førelåstt.

– I Samferdselsdepartementet, og der sit jo også Sp-sterkt, er det ei klar forståing for at Stordalstunnelen er ein uløyst del av Åkrafjordprosjektet og at dette er eit trafikkfarleg punkt.

Eg er klar over at prosjektet ligg inne i Haugalandspakken, men med eit ukjent tidspunkt. Det er nå eit godt grunnlag for at departementet vil skunda på og vil bruka nokre millionar for å finna ei løysing i Stordalen, seier Tungesvik optimistisk.

Vinterdrift

Hordaland fylkesting har også i sin uttale om NTP understreka behovet for å styrka vinterinnsatsen på fjellovergangane Haukeli, Hardangervidda og Vikafjellet.

– Styrking av vinterdrifta og opningstida er avgjerande for å ta vare på liv og helse, reiseliv, næringsliv og persontrafikk, uttaler fylkestinget.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.