TURISTAR: Hella Neddermeyer og Ina Paarmann frå Tyskland fotograferte ivrig Langfoss frå andre side av vegen.

Flottaste foss i verda

Langfoss i Åkrafjorden er høgt oppe på lista der brukarane av ein nettstad kåra dei flottaste fossefalla i verda. SJÅ LISTA HER.

Annonse

DOBBELT MERKEDAG: Ikkje berre driv han kiosken med ein av verdas finaste fossar, Harald Fjæra vart og pensjonert i går. Her saman med kona Else som etterlyser meir innsats frå Etne kommune i samband med Langfoss.

FASTE GJESTER: Ekteparet Karin og Jonn Hansen stoppar alltid å et med Langfoss når dei er i området.

Annonse

ÅKRAFJORDEN: I konkurranse med dei verdsberømte Victoriafalla, samt større fossar med mykje lenge vassfall, har turistar over heile verda sagt sitt; Langfoss er den finaste fossen ein kan sjå på nært hald.


PÅ WWW.WORLD-WATERFALLS.COM KAN DU SJØLV SJÅ KAN DU SJÅ LISTA OVER DEI FLOTTASTE OG MEST TILGJENGELEGE VASSFALLA I VERDA.

– Sjølv om Langfoss alltid har vore der, er det på mange måtar ein nyoppdaga foss. Først då Statens vegvesen la om vegen såg vi det fulle potensialet av denne perla, forklarar ordførar i Etne, Amund Enge (H).

Else og Harald Fjæra som driv bua ved Langfoss, er naturleg nok veldig stolte over resultatet.

– Vi visste ikkje om kåringa før ein turist kom innom og fortalde det, seier Else, som samstundes etterlyser meir marknadsføring av plassen frå kommunen si side.

Lite informasjon

– Det er lite informasjon i kommunen om fossen og distriktet generelt. Mellom anna har vi ingen brosjyre eller liknande å gje interesserte turistar når dei er innom, forklarar Else, som likevel gjev gjennomfarande litt lokalhistorie.

– Eg plar å fortelja dei at far min dreiv butikk på Mosnes som ligg rett over fjorden. Dit skal dei forresten flytta produksjonen av Åkrafjordpølsa no, mimrar Else, som og tilbyr heimelaga mat.

– Når det er kaldt lagar eg rømmegraut, medan vetlagraut vert servert i varmen. I tillegg har vi lefser, vaflar og kaffi, seier Else, og legg til at ho i fjor vann prisen for den beste kjøttsuppa på heile Vestlandet.

Nøgde turistar

Karin og Jonn Hansen frå Kongsberg er på veg til Bømlo i bryllaup.

– Vi tek ofte turen over fjellet, og så sant været er godt stoppar vi her for ein matbit, seier ekteparet.

Den einaste betringa ekteparet kunne tenkt seg på rasteplassen er at toalettet og kiosken kunne ha vore ope heile året.

– Men det hadde nok ikkje vore lønnsamt for private. Dessutan syns eg ikkje at dei skal byggja ut for mykje, då vert det for kommersielt, trur Jonn.

Tyske Hella Neddermeyer er på busstur samen med andre pensjonistar og er eining i at det er nok tilrettelagt på Langfoss.

– Det er min første tur til Noreg, og eg er særs entusiastisk til området. Fossen er vakker og eg kjem til å anbefala dette til vener.

 

Siste nytt

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.