Arkivfoto: GRETHE NYGAARD

HAR FUNNE NYTT FJØS: Det tyske ekteparet Viola Krüger og Ronald Krüger som forpakter gård i Etne er i strid med stiftelsen som leier ut og er eid av Etne kommune. (Arkivfoto: GRETHE NYGAARD)

Flyttar kyrne

Med gode naboars hjelp, har forpaktarparet på Tesdalgarden funne nytt fjøs til dei 19 drektige kyrne sine. Flyttinga skjer i morgon.

Annonse
Annonse

ETNE: I kveld klokka 19 har ordførar Sigve Sørheim (Sp) innkalla formannskapet og stiftelsesstyret til eit ekstraordinært møte.

– Me kjenner trong for å bli orienterte om stoda etter at driftsbygningen på Tesdal i realiteten er kondemnert, seier ordførar Sørheim.

Han har kalla inn leiar i stiftelsesstyret, Audun Namtvedt (Frp) og bede om at også dei andre medlemmene i styret møter. Forpaktarane er ikkje inviterte.

Nytt fjøs

Forpaktarparet fortel at dei, med gode naboars hjelp, har lykkast med å skaffa nytt fjøs til kyrne på Kaldheim, om lag 900 meter frå garden på Kaldheim.

– Slik det ser ut nett no, vil me flytta dyra tysdag, seier Viola Kruger.

Ho fortel at folk har ringt dei frå heile distriktet og tilbode ledige fjøs.

– Bønder har ringt frå Bjoa og heilt frå Tysvær, fortel ho.

Eit møte

Kruger fortel at sidan dei kom til garden i januar 2008 har dei hatt eit einaste møte med heile stiftingsstyret.

Leiaren i styret, Audun Namtvedt, har dei møtt to gonger. Sekretæren i stiftelsesstyret, Øyvind Kaldheim, har dei møtt fleire gonger.

– Me har fleire gonger kontakta Etne kommune om denne uviljen til å kommunisere. Me har bedt om møte med ordføraren, Men me har heile tida blitt møtt med at dette er ikkje noko ordførar og resten av kommunen kan blanda seg inn i, seier Viola Kruger.

– Kva forventar du deg av møtet i formannskapet i dag?

– Eg vonar det blir eit ope møte. Sidan det berre er den eine sida av den stridande parten som er kalla inn, er det viktig at opinionen blir kjend med kva som blir sagt. Men eigentleg forventar eg meg ikkje noko av Etne kommune. Denne saka er komen for langt til det.
I dag skal folk frå Multiconsult undersøka om det kan vera forsvarleg å driva sauefjøset i driftsbygningen vidare. Men kyrne blir flytta, enten seinare i dag eller tysdag.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.