Haugesunds AvisNyheter
BYGGEBOOM: Investeringslysten er stor i næringslivet. Det gir seg også utslag i langt finare arkitektur iallfall i front. For nå tar næringslivet for alvor design i bruk for å profilera seg sjølv gjennom sin tilhaldsstad.
Fleire og fleire innser at det er god butikk i kvalitet og ein tiltalande fasade. Å bruka pengar på estetikk kan til ein viss grad erstatta annonsekroner, seier arkitekt Stein Jarle Helgeland.
Partnararen i Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke AS er glad for den nye trenden. Han trur utviklinga har samanheng med at det er meir pengar i næringslivet, samstundes som kundane ser at det ikkje er særleg dyrare å bygga fint.
I dag blir me kontakta av folk som har bygd for sju åtte år sidan med spørsmål om kva me kan gjera. Dei har bygd simpelt og billig, og vil gjerne pynta på fasaden, seier han.
Arkitekt Nils Vikanes i Vikanes Brekke Haugesund AS stadfestar at dagens næringskunde etterspør bygg med eit visst særpreg.
Dei ynskjer å profilera verksemda si gjennom bygget. Dette er ei utvikling me har sett dei siste fem åra, seier han.
Det er nøktern satsing og inga frotsing på overdådige næringsbygg. Meir tiltalande arkitektur gir nødvendigvis ikkje dei store ekstrakostnadene, hevdar Vikanes.
Medan det før gjekk i reine betong- og stålbygg, ser me nå store flater med mykje glas og stål, i tillegg til teglstein, seier han.
Også plasseringa er blitt viktigare. Helgeland er forundra over at ingen før har bygd der Biltema nå reiser sitt store bygg like ved den trafikktette innfartsvegen til Haugesund.
Næringslivet har endeleg oppdaga at god synleg plassering, kombinert med ein tiltalande fasade, er den beste marknadsføringa, seier Helgeland.
Trenden innan næringsbygg er ei todelt løysing; lokale for lager/industri, gjerne i rimelege betongelement i bakre del, og ein vakker fasade med mykje glas som gir godt lys inne i der kundane hamnar.
Døme på dette er B.Young sitt bygg i Norheim Næringspark og Møller Bil sin nye forretning på Raglamyr. Ein betongkasse godt skjult av store glasflater som gir god salseffekt inne.
I kva grad verker kommunale krav inn på den nye trenden?
Berre delvis. Det er større vilje til å bruka litt meir på estetikk, men mange går lengre enn kva kommune og reguleringsplan krev. Det ser me også på opparbeiding av uteområda, seier Helgeland.
Nils Vikenes meiner at kommunale krav er medverkande til utviklinga både når det gjeld utforming av næringsbygg og uteområde, og at dette har verka forsterkande på utbyggjaren.
I tillegg til fasade, blir det også lagt meir vekt på den tekniske løysinga på næringsbygga, seier han.
arne.frokedal@haugesunds-avis.no
«Det er god butikk i kvalitet»
Stein Jarle Helgeland, arkitekt
Profilert: YIT-bygget på Sakkestad er eit godt eksempel på den nye byggestilen: Betongkasse bak ein innbydande glasfasade.
God plass: Biltema får fasaden som utstillingsvindauge mot E 134.
Nøgd: Arkitekt Stein Jarle Helgeland ser med glede på den nye trenden.
Publisert mandag 12. desember 2005 kl. 00:00.
Sist oppdatert mandag 12. desember 2005 kl. 00:00.
Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.
Innsida.no
Lokalavisa i Sunnhordland.
Ut24
Planlegg fritiden din.
Reisemeldinger
Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.
TV-Guiden
Dette bør du få med deg.
Siste ukes annonser
Her kan du søke opp siste ukens papirannonser
Dagens leder
Les dagens leder fra Haugesunds Avis.