FORTVILAR: Det tyske ekteparet Viola Krüger og Ronald Krüger orkar ikkje kommentera utspelet til Audun Namtvedt.
Forpaktarane fortvilar
– Eg ber om forståing for at me ikkje maktar sei så mykje i dag. Alt blir berre verre. Me er ein familie med ungar og i dag skal me flytta kyrne våre til eit anna fjøs.
FORPAKTARANE MÅ BORT: Ekteparet Krüger orkar ikkje kommentera utspelet til Audun Namtvedt i det opne møtet i formannskapet måndag.
ETNE: Viola Kruger er i dag tidleg ikkje klar til å kommentera noko som helst etter stiftingstyreleiar Audun Namtvedt sin orientering i Etne formannskap i går.
LES OGSÅ: FORPAKTARANE SKAL VEKK
– Me har lest på nettsider og i Haugesunds Avis frå dette møtet. Eg trur folk forstår at
dette er tungt for oss.
I motsett rekkjefølgje
Ein av støttespelarane til Krugerfamilien i Tesdal, Kåre Tesdal, ristar på hovudet etter Audun Namtvedt si orientering i formannskapet.
– Eg var der. Namtvedt freistar heile tida å framstilla det slik at det var forpaktarane som sprang til pressa. Sanninga er at avisene kontakta dei, etter at Namtvedt hadde ytra seg kritisk mot paktarane. Og det gjorde han utan å leggja to pinnar i kors for å ha ein god dialog med Krugers. Han var fråverande og ville ikkje ta i dei problema forpaktarane sleit med, seier Kåre Tesdal.
– Eg tykte Namtvedt framstod som usakleg i formannskapet, seier Tesdal.
Reaksjonar
– Det er nøydd til å koma reaksjonar på Namtvedt si einsidige framstilling av konflikten på Tesdal. Det blir vanskeleg å strekkja ut hendene og koma til ei løysing etter hans «historieforteljing», seier ein annan ven av forpaktarane, Steinar Hardeland.
Han synest det er sørgjeleg at ikkje formannskapet får kjennskap til det Hardeland kallar «dei faktiske forholda».
– I dag kjenner eg det slik at det viktigaste er at familien Kruger blir tatt vare på i ei vanskeleg tid for dei.