Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Forpaktarane skal vekk

Audun Namtvedt

MÅ VEKK: Leiar i stiftingsstyret for Tesdalsgarden, Audun Namtvedt, sa på eit ope møte i formannskapet at avtalen med forpakterane skal seiast opp. Til venstre sit Roger Nilsen. (Foto: SIGMUND HANSEN)


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

– Men me ser for oss at dei får rimeleg tid, sa leiar i stiftingsstyret Audun Namtvedt på eit ope møte i formannskapet i kveld.

ETNE: Leiar i stiftingsstyret for Tesdalgarden, Audun Namtvedt, sa i eit ope møte med formannskapet mandag kveld at styret har vanskeleg for å sjå at det er grunnlag for å gå vidare med forpaktarforholdet til ekteparet Kruger på Tesdal.

– Men me ser for oss at dei får rimeleg tid, for eksempel over sommaren ein gong, med å avvikla, sa Namtvedt.

Etter at eit samrøystes formannskap gjekk inn for å halda møtet for opne dører (mange interesserte møtte opp), tok fleire representantar opp under møtet om ikkje møtet burde lukkast på grunn av sterke karakteristikkar av forpaktarparet frå stiftingsstyreleiar Namtvedt.

Men med fire mot tre røyster bestemte formannskapet at møtet skulle gå for opne dører.

Namtvedt sa dessutan at stiftinga sin advokat, Helge Talmo, alt har skreve brev til forpaktarane og vist til at dei har brote forpaktningslova og at det er grunnlag for oppseiing.

– Me ser på fleire alternativ: Å selja garden heil eller i deler, leiga han ut eller gå inn med investeringar og så leiga han ut til sterkt auka leige, sa Namtvedt.

Fleire politikarar i formannskapet sa at dei angra og at dei i dag ville ha røysta for å selja garden til private.

Kasserar i stiftingsstyret, Oddvar Åsheim, kunne informera om at Multiconsult ser ut til å kunna rå til at sauefjøset blir brukt vidare. Men at Mattilsynet har det endelege ordet.

Kyrne blir flytta til eit fjøs på Kaldheim tysdag.

LES OGSÅ: FLYTTAR KYRNE

Publisert mandag 08. februar 2010 kl. 22:14.
Sist oppdatert tirsdag 09. februar 2010 kl. 12:37.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.

Annonse

Radio 102 sending nytt bygg

Hai tatt utenfor Skudenes

Skater på Amanda

Se flere videoer

Snarveier

Innsida Innsida.no

Lokalavisa i Sunnhordland.

Ut24 Ut24

Planlegg fritiden din.

Reisemeldinger Reisemeldinger

Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.

TV-Guiden TV-Guiden

Dette bør du få med deg.

Avisannonser Siste ukes annonser

Her kan du søke opp siste ukens papirannonser

Dagens leder Dagens leder

Les dagens leder fra Haugesunds Avis.

Søk i skattelistene
for 2008

Annonse