"Edda Fauna" blei feira og fekk hamni heimbyen. Frå venstre adm. dir. Johan Rokstad i Østensjø Rederi, kaptein Harald Osland, skipsreiar Johannes Østensjø, gudmor Unn Margrethe Nestaas og adm. dir. Oddbjørn Hjelle i Aker Brattvåg.
Fossar fram med lokal kontroll
Med heilt lokalt eigarskap byggjer Østensjø Rederi seg stort opp med ein avansert flåte, solide resultat og stadig fleire tilsette. Rederiet nærmar seg 800 millionar i omsetning.
solid tilvkest: "Edda Fauna" ruva godt i Smedasundet laurdag.
HAUGESUND: "Edda Fauna" er siste tilvekst til det ekspanderande haugesundsrederiet. Den teknologiske nyskapinga blei laurdag døypt i heimbyen, med skipsreiar Johannes Østensjø (64) sin ektefelle, Unn Margrethe Nestaas (61) som gudmor.
Eit skip me er svært stolte av. "Edda Fauna" har gitt reiarlag, befraktar og ikkje minst verftet ei skikkeleg utfordring, seier administrerande direktør Johan Rokstad (59).
Utanom børsen
I motsetning til meir profilerte Solstad Off-shore ASA og Eidesvik ASA har Østensjø Rederi valt sin kurs utanom Oslo Børs og eksterne investorar.
Med lokale eigarar og DNB NOR Haugesund som solid støttespelar, har selskapet med kontor på Indre kai, tatt kvantesteg dei siste åra.
Me vil vera herre i eige hus og har ikkje finansielt behov for å går på børsen. Gode prosjekt får me alltid til, og me har i dag ingen tankar om å gå endra denne strategien, seier Rokstad som har vore toppsjef i ni år.
"Edda Fauna"
"Edda Fauna" føyer seg inn i rekkje av eit større byggeprogram som Østensjø Rederi nå gjennomfører. Det avanserte skipet som kan nyttast både til inspeksjon, vedlikehald og reparasjon i operasjonar på djupt vatn, er det første av fire offshore nybygg som er levert.
Aker Brattvåg har levert det 109 meter lange skreddarsydde støttefartøyet på 6..200 dwt. Prisen er på 625 millionar.
Det NOR-registrerte skipet skal inn i kontrakt for DeepOcean og SatoilHydro i Nordsjøen. Bjørn-Jarle Nes frå Tysvær er ein av to kapteinar på "Edda Fauna" der ca 50 norske sjøfolk fordelt på to skift får jobb.
Storstilt fornying
I dag framstår Østensjø som eit vesentleg offshorerederi, blant landets største innan taubåtar og verdsleiande i eskortering av tankbåtar
Haugesundsrederiet har sett i gang eit stort byggeprogram på totalt elleve skip. Igjen står leveringar for nesten 2,5 milliardar.
Etter år 2000 endra marknaden seg enormt og dette har påverka oss i ei utruleg positiv retning. Dette har vore ein innovativ prosess det har vore viktig å utvikla stadig nye fartøystypar, i nært samarbeid med våre sjøfolk, seier Johan Rokstad.
Skattekreditt
Østensjø-sjefen har ikkje deltatt i klagekoret mot dei nye rammevilkåra og inndraging av skattekreditten for rederia.
Det kostnadsmessige utslaget er på 60 70 millionar over ti år, noko Rokstad konkluderer med er akseptabelt.
Me likar det ikkje, men dette skal ikkje hemma vår utvikling. Dessutan er det svært gode vilkår i den andre enden, seier han.
Rokstad i denne samanheng ikkje lyst til å kommentera ytterlegare DOF's raid mot DeepOcean der Østensjø er største lokale aksjonær og hans sjølv styreleiar.
Dette er ingen ønskesituasjon. Så får me sjå kva me får til i tida som ligg føre oss, seier han.
Rekordresultat
Langt hyggelegare er det å prata om den økonomiske utviklinga i Østensjø. Rederiet passerte i fjor 730 millionar i omsetning, inkludert ein del sal, og kan alt i år passera 800 millionar.
Resultatet i 2006 var historisk godt med 368 millionar kroner i driftsresultat og 224 millionar før skatt. Fjoråret blir endå betre, seier ein svært tilfreds Johan Rokstad.
arne.frokedal@haugesunds-avis.no