I heile kommunen:

I heile kommunen: Konstituert lensmann Dag Vidar Nordhus seier at det førekjem rus i heile kommunen. (Arkivfoto: Hilde Vormedal Nybø)

Framleis auke av cannabis

Politiet på Stord har fokus på ungdom og rus. Likevel aukar bruk og tilgang på cannabis.

Annonse

Amfetamin: Nest etter hasj er amfetamin det ulovlege rusmiddelet som vert brukt mest på Stord. Arkivfoto: Harald Nordbakken

Annonse

Stord: Stord har sidan 2005 overvaka rustrendane i kommunen via prosjektet Føre Var.

– Innhaldet i rapporten var som venta og synte at alkohol er det dominerande rusmiddelet, men det viste og ein auke i bruk og tilgang på cannabis. Det overraska meg litt meir sidan me held på med POP, prosjektet om ungdom og rus, seier Dag Vidar Nordhus, konstituert lensmann på Stord.

Tala han siktar til er for våren 2010, og POP-prosjektet starta i fjor haust. Nordhus legg ikkje skjul på at han hadde håpa og trudd at dette hadde fått ungdommen i kommunen til å tenka meir over bruk av cannabis.

– Prosjektet rettar seg mot ungdom frå 15 og til begynninga av tjueåra. I miljøet rundt dei på under 18 finn me helst cannabis, men enkelte brukar og amfetamin, fortel Nordhus.

Knyter seg til yngre miljø

Han forklarar at dei mindre- årige som eksperimenterer med rus ofte er på fest med ei gruppe tidleg i 20-åra.

– Det er enkeltpersonar som knyter seg til eit yngre miljø og kan påverka desse. På festar treffer me stort sett på dei same, men med innslag av enkelte yngre som me ikkje har sett før, seier Nordhus.

Haugesunds Avis skreiv i januar at Stord-ungdom under 18 kan sleppa narkotikadommar dersom dei skriv kontrakt med politiet, og Nordhus seier at dei har positive resultat med dei to–tre som har gjort dette.

Kjem godt ut i undersøking

I rapporten frå Føre Var vert det og vist til Ungdomsundersøk-inga Ungdom og rusmiddel i Stord kommune 2009. Her kjem det mellom anna fram at tala for alkoholbruk er stabile og syner at det er ein relativt stor del av ungdommen på Stord som sjeldan eller aldri drikk og at det er relativt få som drikk ofte og mykje.

– Me kjem altså godt ut når me samanliknar Stord med andre vestlandskommunar, skriv SLT og Utekontakten.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.