Tilsette i Etne El. lag med følgje på blåtur i rasande fart i ein såkalla rib-båt i Åkrafjorden. Etterpå venta fleire utfordringar.
Full rulle i Åkrafjorden
Ein båt i 50 knops fart frå Teigland, lunsj i Eljarvik i Åkrafjorden og sykkeltur opp til jettegrytene ovanom Rullestad.
Vertskap i Eljarvik: Mor Nina er vertskap i kårhuset med eit fantastisk utsyn til heile Langfossen. Sonen, Karl Erik Eljarvik, skal driva med fjordrafting. Her tar dei frå no av imot grupper til mat, overnatting og båtturar på Åkrafjorden.Foto: sigmund HANSEN
ÅKRAFJORDEN: Dei gnistra av begeistring, dei 10 tilsette med følgje (ein var tilbake på vakt) i Etne El. lag på blåtur i Åkrafjorden i finveret.
Samstundes tok Nina Kaltwasser på Eljarvikgarden imot sine første gjester i veka som gjekk.
Sonen, Karl Erik Eljarvik, skal kjøra ribbåten (no var det innleigd båt frå Ålfjorden til deira eigen kjem tidleg i juni).
Nina er vertskap i eit vakkert restaurert og oppussa kårhus på Eljarvikgarden.
Der sit du med panoramautsyn til heile Langfossen frå tjønna øvst og heilt ned i fjorden.
Som ei lang, blafrande gardin kastar vatnet seg kvitt nedover fjellsidene. Du høyrer susen som kjem og går med vindretninga. Ingen stad ser du Langfossen betre enn frå terrassen til Ninas nye "kafe" i Eljarvik.
"Storastrondo"
Det er kårhuset til besten til Øystein, mannen min, me har sett i stand, fortel Nina.
Her har ho servering til inntil 45 i to etasjar. Kjellaren er fantastisk, med galleri og utstilling (nett no Torleiv Tveits fotografi).
Ho vil halda open på søndagar i sommar, pluss at ho tek imot buss- og båtturistar og foreiningar og firma på tur.
Maten samarbeider eg med Åkrafjordtunet om. Får det meste derifrå, men lagar lappar og heimebakst sjøl, fortel ho.
Her har du også overnattingsplass?
Ja, me har plass til ni personar i kårhuset.
I sommar er det planen at ein rutebåt frå Stord via Halsnøy, Utåker og Skånevik skal gå inn fjorden til Teigland, Eljarvik og Fjæra.
Det blir ikkje mykje ferie på deg i sommar?
Nei, eg håpar ikkje det, ler Nina til svar og tar gjestene frå Etne El. lag med på ein rundtur i gardssoga på Eljarvik.
Seinare i sommar vil ho invitera gjester på ein guida tur opp langs Langfossen.
El Pedallos
Etter lunsj, er dei tilsette i Etne El. lag klare for nye utfordringar. Dei fyk med ribbåten til Victor Carlsen inn til Fjæra. Der står syklane bedriftsidrettslaget har kjøpt inn. Kraftkarane og kvinnene i el-laget har alle glede av syklane og har danna ein uformell foreining dei kallar "El Pedallos".
@Tekst m.innrykk:No ventar sykling til Skromme, opp Rullestadjuvet.
Derifrå skal kollegaene gå til jettegrytene. Før dei trillar nedover til Rullestad og Flåto. Der bur kontorleiaren i Etne El. lag, Ingebjørg Øyre. Og ho har invitert til hageselskap resten av kvelden.
Ein minneverdig blåtur i mai.