Haugesunds AvisNyheter
LEITEAKSJON: På idrettsplassen ved Aga samlast leitemannskapa klare til å vere med i søket etter den sakna mannen.
ULLENSVANG/JONDAL: Klokka 10.23 fann ein leitepatrulje med hund den 41 år gamle mannen som har vore sakna sidan klokka 12 i går.
- Tilstanden til mannen er rimelig god. Han er vaken og hugsar alt, seier operasjonsleiar Svein Johannessen ved Hordaland politidistrikt til h-avis.no.
Mannen blir nå frakta ned av leitemannskap til ein stad der helikopteret kan lande. Det er tåke i området, og leitemannskapa må bære mannen nedanfor tåka.
Lensmann i Odda, Øyvinn Rosseland, fortel at mannen skal vere i stand til å gå litt sjølv.
- Han vart funnen 2 kilometer nord for Solnut like ved Vardanuten, seier Rosseland.
Staden han vart funnen ligg på omlag 1.400 meters høgd.
Eit mannskap på 37 har vore med på leitinga, og heile ni hundepatruljar. Det har vore leita etter mannen, som skal vera frå Odda-området, sidan klokka 11.50 i går.
- I tillegg hadde me kalla inn veldig mange i reserve. Det såg ikkje så lyst ut i dag med det veret og den påkledningen me visste at mannen hadde, seier Rosseland.
Lensmannen meiner at Sea King-helikopteret har vore til stor hjelp i aksjonen.
- Sjølv om skodda har gjort at helikopteret ikkje har kunne søkt på fjellet, har det løfta leitemannskap og hunder opp i leiteområdet, fortel Rosseland.
Mannen hadde overnatta frå fredag i området ved Solnut, og melde ved 11.30-tida i går at han ikkje fann vegen ned at på grunn av tjukk skodde. Lenge hadde politiet kontakt med han over mobiltelefon, men kontakten forsvann rundt klokka 19.00 lørdag. Politiet veit ikkje om dette skuldast dårleg batteri, at mannen har flytta seg til ein stad utan dekning, eller andre årsaker.
Temperaturen laurdag kveld var så vidt på plussida, og at det går regn- og sluddbyger i området, som ligg på vel 1.000 meter.
Laurdag ettermiddag blei leitemannskap sende til fjells med eit Sea King redningshelikopter for å leita opp mannen. Dårleg sikt gjorde at helikopteret ikkje kunne nyttast i leitinga, og mannskapa melde tilbake at dei også såg så lite at leitinga var svært vanskeleg.
I går kveld vart hundar floge til Sørfjorden med loshelikopter frå Bergen, men skodda låg for tjukk og låg til at det kunne nyttast helikopter til å frakta hundar og førarar opp i fjellet. Derfor starta hundepatruljen å gå til fots frå Jondal i går kveld.
Publisert søndag 26. august 2007 kl. 00:00.
Sist oppdatert søndag 26. august 2007 kl. 14:56.
Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.
Innsida.no
Lokalavisa i Sunnhordland.
Ut24
Planlegg fritiden din.
Reisemeldinger
Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.
TV-Guiden
Dette bør du få med deg.
Siste ukes annonser
Her kan du søke opp siste ukens papirannonser
Dagens leder
Les dagens leder fra Haugesunds Avis.