Furu skal erstatta regnskogtømmer

Regnskogtømmer er blitt brukt i benkane i fleire hundre busskur i Rogaland. Eigaren av busskura veit ikkje kva som nå skal gjerast med desse benkspilene.

Annonse
Annonse

ROGALAND: Tidlegare i år blei det kjent at JCDecaux hadde brukt regnskogtømmeret ipé i rundt 600 busskur rundt om i Rogaland, blant anna i Haugesund.

Då dette blei kjent kom selskapet med orsaking, og ei pressemelding om at alle benkespilene skulle erstattas med miljøvenleg materiale. Administrerande direktør Øyvind Markussen sa at viss dei ikkje gjorde noko med benkespilene, ville dei stått der som ei evig påminning om denne saka, og det ønska dei ikkje.

Rogalands Avis skriv at JCDecaux nå har bestemt seg for å erstatta det tropiske tømmeret med furu. Benkespilene som blir fjerna blir i første omgang lagt på lager og Markussen ønskjer innspel til kva som skal gjerast med dei.

- Konsekvensar gjer det lettare å hugsa

Markussen satsar på at arbeidet med å bytta benkane blir ferdig i løpet av sommaren, men ifølgje Rogalands Avis vil han ikkje svara på kor mykje ekstraarbeidet kostar.

Regnskogfondet reagerte då det blei kjent at tropisk tømmer var blitt brukt, og synest det er rett avgjersle å bytta benkespilene.

- Det viktigaste er at dette ikkje skjer igjen. Viss det får konsekvensar blir det lettare å hugsa. Viss det å bytta benkane gjer det lettare for JCDecaux å hugsa, var det rett avgjersle, seier Solveig Firing Lunde i Regnskogfondet til h-avis.

Ho har ikkje forslag til kva benkane som blir fjerna kan brukast til.

- Det blir opp til JCDecaux, seier Firing Lunde.

 

Siste nytt

DEN TREDJE BRANNEN PÅ FÅ DAGER:

Jakter på brannstifter

Politiet ber publikum være oppmerksomme og melde fra om mistenkelig aktivitet.

DEN TREDJE BRANNEN PÅ FÅ DAGER:

Jakter på brannstifter

Politiet ber publikum være oppmerksomme og melde fra om mistenkelig aktivitet.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.