Gal hund beit kvinne i foten
Ein stor Dobermann terroriserte folk på Stord tysdag ettermiddag. Ei kvinne måtte til lege etter at hunden hadde bite henne i foten og dratt henne fleire meter etter kjeften.
Hundeeigaren, ein sterkt rusa mann i 20-åra, sloss med ein likesinna utafor Amfisenteret i Leirvik sentrum. Hunden hans for rundt og tok seg ut på eige vis.
I omlag ein time gjekk hunden amok mellom kjøpesenteret og Stord kulturhus. Folk som var i området vart utsette for den farlege hunden.
Slept fleire meter
Ei kvinne på 17 år vart biten i leggen og slept fleire meter, medan hennar to venninner greidde å kome seg vekk frå hundekjeften. Andre søkte tilflukt i butikksenteret og kulturhuset. I området var det var mange born som skulle på bading i kulturhuset.
Politiet fekk melding klokka 15.50. Ein patrulje var snart på staden. Etter at dei hadde fått kontakt med den rusa eigaren, hjelpte han til med å roe ned hunden. Den var frakta til eit hundepensjonat på Stord.
Kan bli avliva
– Vil hunden bli avliva?
– Det vil bli vurdert, seier operasjonsleiar Arne Bringsvor ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
– Korleis står det til med kvinna som vart angrepen av hunden?
– Ho har vore til legebehandling, seier Bringsvor.
Hundeeigaren vil bli meld til politiet.
Bringsvor opplyser at fleire i løpet av tysdagskvelden melde frå om at dei har vore redde for hunden.
kristine.sele@haugesunds-avis.no