Haugesunds AvisNyheter
SAUDA: Mengder av reint og varmt vatn er berebjelken i prosjektet. Han har fått mange undrande kommentarar etter at det vart kjent at attføringsverksemda Sauda Bedriftsservice har starta forsøk med oppdrett av gullfisk. Men dagleg leiar Thomas Breivik berre ler godlynt og synest det blir spennande å sjå om dei verkeleg skulle lykkast.
Ja, det er i fullt alvor vi startar med dette. Får vi det til, kan det bli fleire og meiningsfylte arbeidsplassar ut av noko nytt og utradisjonelt, vonar bedriftsleiaren.
No er ikkje gullfiskoppdrett nokon nytenkt tanke i Sauda. Sauda-mannen Jan Olsen, som sjølv driv med gullfisk på hobbybasis, har tidlegare hatt planar om oppdrett. No er han ein av dei som skal driva prosjektet framover.
Gullfiskane det her er tale om er ikkje tiltenkt glasbolle eller lite akvarium. Raud gullfisk og Shubunkin-fisk blir sett ut i dammar og større anlegg. Spesielt Shubunkin-fisken er ein særs hardfør type som tåler temperaturar ned mot null grader.
Normalt gyter denne fisken om våren, men ved å skru opp vasstemperaturen, kan ein lura fisken til å tru at det er vår, og gytinga kjem i gang.
Og det er nettopp stor tilgang på temperert vatn som er Sauda si føremon. Store vassmengder blir nytta til å kjøle ned dei store smelteomnane på verket. I dag blir noko av dette vatnet nytta til å varma opp sentrumsgatene i Sauda vinterstid og i utebassenget om sommaren. Men framleis er det store unytta mengder som går til spille.
Men før ein kjem så langt at ein byrjar snakka om større anlegg, må det heile utprøvast gjennom småskalaforsøk. Åtte fiskar er kjøpt inn og sym i eit stort kar i kjellaren til Bedriftsservice. Botn i karet er utstyrt med vaskemoppar og småstein. Dette for at egga skal kunna fest seg etter gytinga.
Og gytt har dei alt. Men denne gong gjekk noko galt, og dei må prøva på ny.
Gjennom forprosjektet og seinare hovudprosjektet skal ein finna ut av både lønnsemd og marknad. Men alt no meiner ein at det kan bli lønnsamt.
I dag blir gullfiskane for det meste importert frå Asia. Diverre ber mykje av denne fisken med seg sjukdom grunna ureint vatn. Vi har reint vatn, og marknadsgranskingar viser at folk gjerne betalar meir for sjukdomsfri fisk. Sal i Noreg åleine gjev neppe vinst. Men vi vil satsa på eksport. Så får vi sjå om vi maktar få dette fram slik at det kan bli arbeidsplassar ut av det, vonar Breivik.
Innovasjon Norge har til no støtta prosjektet med 40.000 kroner, Sauda samfunnsinkubator med 25.000.
oddvar.wollt-vindedal[AT]haugesunds-avis.no
Publisert mandag 23. oktober 2006 kl. 00:00.
Sist oppdatert mandag 23. oktober 2006 kl. 00:14.
Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.
Innsida.no
Lokalavisa i Sunnhordland.
Ut24
Planlegg fritiden din.
Reisemeldinger
Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.
TV-Guiden
Dette bør du få med deg.
Siste ukes annonser
Her kan du søke opp siste ukens papirannonser
Dagens leder
Les dagens leder fra Haugesunds Avis.