Gav Austlandet vest- norsk komletorsdag

Etter mange år på Austlandet blei komlemiddagen eit sakn for Arne Herno Haukefær frå Fitjar. No er vestlandsretten eit populært menyval på Lillehammer Vandrerhjem Stasjonen.

Annonse
Annonse

FITJAR/LILLEHAMMER: Komler er ein matrett med sterke tradisjonar på Vestlandet. Det hindra ikkje Arne Herno Haukefær frå å presentera retten på andre kanten av landet. Sidan seinsommaren i fjor har han invitert til komletorsdag ein gang i månaden. Responsen har ikkje latt venta på seg.

– I begynnelsen var det ein liten kjerne som kom kvar gong, men så har jungeltelegrafen gått nokre rundar, og sist torsdag gjekk me nesten tomme for mat, seier Herno Haukefær. Då hadde han laga kålrotstappe, vossakorv, komler, bacon og røykt lam til om lag 60 personar. Talet på faste komlegjester har blitt tredobla på under eit halvt år.

Tredobla sal

– Eg må nok auka mengdene til neste komletorsdag. Held det fram slik, får me snart problem med å finna sitjeplass til alle, smiler kokken, som saman med Geir Evensen har drive Stasjonen sidan januar i fjor. Om lag halvparten av komle-entusiastane er utflytta vestlendingar, men det er og stadig fleire austlendingar som tør smaka den tradisjonsrike retten.

Reiser langt

– Det er ein del austlendingar, ja, og responsen er kjempepositiv, seier Herno Haukefær, som tidlegare har drive kafé i mjøsbyen. Han fortel at det kan ta litt tid før debutantane venner seg heilt til smaken på sjølve komla, men med mykje godt tilbehøyr kjem dei aller fleste att neste månad.

Ofte tek dei med andre vener og kjente som og vil smaka på komlene Herno Haukefær serverer. Kollega Tove Evensen frå Sveio fortel at komlemiddagar er slik ein sjeldan kost på austlandet, at mange reiser langt for å rekkja komletorsdagen på vandrarheimen.

– Folk reiser frå langt oppe i Gudbrandsdalen for å smaka på komlene, det har blitt kjempepopulært, seier Evensen, som sjølv set pris på middagsmat som minnar om heimlege trakter.

kari.stautland@haugesunds-avis.no



"Sist torsdag gjekk me nesten tomme"

Arne Herno Haukefær, kokk

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.