GLATT: Det er i kveld glatt på vegane
Glatte vegar
Det er i kveld svært glatt på vegane. Magnar Mikkelsen brukte dobbelt så lang tid som vanleg frå Kårstø til Åkra, han er kritisk til Risa.
SAMFERDSLE: - Eg køyrte frå Kårstø til Åkrahamn og brukte dobbelt så lang tid som vanleg, fortel Magnar Mikkelsen.
Han seier det var særs glatt heile vegen, og meiner at Risa burde ha salta tidlegare.
- Det har vore elendig brøyting i vinter. Dei er for seint ute, meiner Mikkelsen.
Han hevdar at vegane var tryggare då Mesta sto for vedlikehaldet.
- Tryggare med Mesta
- Me skal kjenna oss trygge. Mesta var topp, mykje meir effektive. Uansett kva prisen var, vi var trygge, seier han.
- Me får meldingar om begge delar, seier Tor Gunnar Lilleskog, formann i Risa avdeling Nord-Rogaland, når han vert konfrontert med kritikken om at ting var betre før.
Han viser til at dei nyttar seg av ein del av dei same kontraktørane som Mesta gjorde. For ein månad sidan hadde Risa 30 brøytebilar i sving.
Lilleskog seier at Risa har vore ute og salta sidan i halv seks tida i kveld, og at dei fleste no er ferdige for kvelden.
- Kva gjer de for å vera føre var?
- Me prøver å nytta dei dataene me får tak i og spår veret så godt som mogeleg. Det er ikkje alltid me treff 100 prosent, men me prøver å vera i forkant, svarar Lilleskog.
Også politiet har fått inn meldingar om at det er glatt på vegane i kveld.