SISTE OLJE: I desse dagar blir dei siste bilvraka som kunne leverast til Lindenes miljøstasjon i Odda strippa for miljøfarlege deler og klargjort for vidaretransport og opphogging. Her Svein Gunnar Vintertun (t.v.) og Espen Andersson.

Hardanger full av vrak?

Etter at Odda kommune sette kroken på døra for biloppsamling på Lindenes miljøstasjon frå 1. januar, er heile Indre Hardanger og Kvinnherad utan mottak for bilvrak. Resultatet kan bli mange bilvrak dumpa i naturen.

Annonse

REDNINGSMANN? Ove Turtveit i Røldal Bilberging vil ta på seg å frakta bilvrak frå Odda til Sandeid mot at han får vrakpanten.

Annonse

ODDA: Karane på den kommunale bilverkstaden i Odda på Lindenes har travle dagar. I romjula kom det inn 55 nye bilvrak som skal miljøbehandlast og sendast vidare før vrakmottaket i Odda er heilt avvikla. Det er synd for alle bileigarane i Hardanger og i Kvinnherad.

– Me har hatt ein svær auke i talet på innleverte bilvrak etter Folgefonntunnelen kom. Før den tid tok me imot 200 bilar i året. Nå er talet 450, fortel verksmeister på den kommunale bilverkstaden i Odda, Svein Gunnar Vintertun. Kvinnheradbilistane strøymde til Odda med vrakbilane sine.

Taper pengar

Tenesteleiar VAR-sektoren i Odda kommune, Torstein Backer-Owe, fortel at då staten trekte støtta på 631 kroner per bilvrak frå nyttår, kunne ikkje kommunen halda fram.

– Me måtte leiga den kommunale bilverkstaden med folka der til ordinær timepris. Kommunen tapte pengar før og når staten trekte seg, ville me fått ytterlegare 300.000 i utlegg. Dessutan var kombinasjonen vanleg bilverkstad og oppsamling av bilvrak uheldig, og me har store plassproblem i kommunen.

– Men for folk blir det meir tungvint?

– Ja, det er rett. Folk frå Hardanger og Kvinnherad må no frakta bilvraka sine til Sandeid, Voss eller Stord.

Røldøl trør til

Ove Turtveit i Røldal Bilberging hadde areal og verkstadplass i Tyssedal klar til å starta privat biloppsamling for fem-seks år sidan.

– Men plutseleg skulle heile Tyssedal fredast. Folk protesterte og kommunen fann ut at vår verksemd eigna seg ikkje på dette industriarealet, fortel Turtveit. Sidan den gong droppa han planane.

– Men Røldal Bilberging vil laga til ei ordning der me kan henta bilvrak i Odda, samla opp nokre og kjøra dei til Kaldheims Bildeler i Sandeid.

– Kor dyrt blir dette?

– Me gjer det mot at me får vrakpanten, 1.500 kroner. Det er langt billegare enn om vi skulle frakta ein bil på lastebil. Då ville prisen vera det dobbelte.

Skrot i naturen

Svein Gunnar Vintertun fryktar at den stengte biloppsamlingsplassen vil føra til at fleire bileigarar gir blaffen og berre set bilen ifrå seg i naturen.

– Det kan bli for mykje styr og direkte kostnader å få bilen til eit mottak. For det første kan bilen ikkje slepast utan prøveskilt og den skal vera i forskriftsmessig stand. Elles må ein leiga biltralle til minst 500 kroner. Med kjøring og ferje til Voss eller Stord blir dette reine tapet for hardingar og kvinnheringar.

Torstein Backer-Owe i Odda kommune seier han er fortvila over rotet etter at bilimportørane sitt selskap, Autoretur A/S, overtok ansvaret for å henta inn bilvraka.

– Me får ikkje svar når me skriv til dei, og både SFT og Fylkesmannen er svært unnvikande når me spør kva me skal gjera. Eg meiner Autoretur A/S har eit ansvar for at folk i vårt område får ei rimeleg returordning med innlevering av bilvrak og utbetaling av vrakpant, seier Backer-Owe.

sigmund.hansen[AT]haugesunds-avis.no

"Me vil prøva å gje bileigarane eit tilbod" Ove Turtveit, Røldal Bilberging

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.